Utviklingsprosjekt

Her finn du info om alle våre prosjekter.

ASD-metoden

I høgverdi-produksjonssystem som bringebær og jordbær dyrka i plasttunell er det ofte naudsynt med tiltak før ein plantar same kulturen på nytt for å unngå vekststagnasjon. Ei ny, lovande metode kalla anaerob jorddesinfeksjon (ASD), vert no teken i bruk i fleire land  og det er dokumentert i både felt- og potteforsøk at metoden reduserer visse jordbuande sjukdomsorganismar og aukar populasjonane av jordbuande nyttemikrobar.

Les mer

VRI4 - Forregion - kompetansemekling landbruk

Njøs næringsutvikling har fått oppdraget med kompetansemekling i landbruk av Sogn og Fjordane fylkeskommune i prosjektet "Forregion" - VRI 4. Landbruksbedrifter i fylket kan venda seg til oss for å få hjelp til å definera forskingsutfordringar i bedrifta og å finna aktuelle FoU-partnarar og offentlege verkemiddel som kan nyttast. 

Les mer

Bladflekker i Celina - kva er årsaka

Det er funne ein del bladskade på Celina i det siste, og mange undrar seg på kva det kan koma av. Me mistenkjer sviskade av bladgjødslingspreparat eller plantevernmiddel. Internasjonal ekspertise vert kontakta

Les mer
Dag Røen Dag Røen

KlimaFrukt

Vid adaptasjon til ulike klima er ein viktig eigenskap hos sortar av frukt og bær. Gjennom prosjektet KlimaFrukt vil vi bidra til auka forståing for kva vid adaptasjon inneber, og vi ser nærare på klimapåverknad av viktige plantefysiologiske fasar hos fleirårige artar, med fokus på bringebær.

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

Ville bær i Tsjekkia og Noreg

Prosjektet «Ville bær i Tsjekkia og Noreg» studerar diversitet i ville førekomstar av fleire frukt- og bærvekstar i dei to landa. NNU sin del av prosjektet omfattar ville bringebær og tindved.

Les mer
Klima, Avslutta prosjekt Kurab Røen Klima, Avslutta prosjekt Kurab Røen

FREMTIND

Prosjektet FREMTIND ser på potensialet for bruk av tindved i Noreg, både i kommersiell bærproduksjon og bruk som klimatilpassa vekst med andre føremål i eit endra klima (karbonfangst, hindre jorderosjon etc.).  

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

EcoHisPy

EcoHisPy er eit internasjonalt prosjekt finansiert av ECPGR (European Cooperative Program for Genetic Resources), og skal inkludera materiale av totalt 100 pæresortar frå 15 ulike land i den internasjonale databasen over genetiske ressursar, EURISCO. 

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

BÆRSORT

BÆRSORT er eit forskningsrådsprosjekt eigd av Graminor AS, der vi arbeider med å effektivisere utvikling og prøving av sortar av jordbær og bringebær for bruk til friskkonsum og i konservesindustri.

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

Altantberry

Prosjektet ATLANTBERRY har som mål å legge grunnlaget for kommersiell bærproduksjon i tunell på Island, Færøyane og Grønland. I løpet av prosjektperioden skal det settast opp tunellar og etablerast prøveproduksjon av bær i tunell på Island (3 dyrkarar), Færøyane (1 dyrkar) og Grønland (Upernaviarsuk forsøksstasjon).

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

Kvalitetskompost til bruk i frukt- og bærhagar

Bruk av kompost i frukthagane gir auka innhald av organisk materiale i jorda, auka biologisk aktivitet og betre forhold for nytteorganismar på bakken. Kompost gir auka bufferevne i jorda for både vatn og næring og gir jamnare veksetilhøve for frukttrea.

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

GRIP SJANSEN

Grip Sjansen er eit prosjekt retta mot unge gardbrukarar eller personar som er i ein fase der dei lurer på om dei skal over ta ein landbrukseigedom.

Les mer