KlimaFrukt

Bringebærsorten Glen Ample er eksempel på ein sort med vid adaptasjon, her frå dyrking i tunnel på Island.

I prosjektet KlimaFrukt vil vi samanstille eksisterande kunnskap om kritiske faktorar og
identifiserte eigenskapar knytta til klimaadaptasjon hos viktige sorter av våre dyrka frukt- og
bærarter. Videre vil vi gjennom kontrollerte forsøk auke vår kunnskap om forhold knytta til vekstavslutning, overvintring og knoppbryting hos utvalde bringebærsorter. Vi har vald å fokusere på bringebær som modellplante for fleire av våre dyrka frukt- og bærarter, fordi vi ut frå dagens kunnskap forventar at denne arten raskt kan påverkast negativt av dei varsla endringane i haus- og vinterklima. Dette kan påverke kvileinduksjon, vinterherdigheit og kvilebryting med negative følger for dyrkinga. Vi manglar i dag nødvendig grunnleggande dokumentasjon på dette området, som grunnlag for vektlegging av vid klimatisk adapatasjon ved utprøving av utanlandske sorter og ved utvikling av nytt sortsmateriale frå det norske foredlingsprogrammet.
 

Prosjektet er treårig (2016-2018) og finanisert med midlar frå Landbruksdirektoratet (Klima- og miljøprogrammet). Prosjektpartnerar er Njøs næringsutvikling AS (prosjekteigar) og NIBIO Apelsvoll.

 

 

Forrige
Forrige

Overrisling istadenfor tåkesprøyta?

Neste
Neste

Ville bær i Tsjekkia og Noreg