Om Njøs frukt- og bærsenter

Njøs frukt- og bærsenter er nasjonalt foredlingssenter for norske frukt- og bærsortar, og utfører oppdraget på vegne av Graminor. Senteret bidreg elles i prosjekt som naturleg høyrer inn under denne kjerneverksemda, og i regionale og nasjonale utviklingsprosessar i frukt og bær. Njøs frukt- og bærsenter er samlokalisert med Norsk landbruksrådgiving vest totalt er me 16 personar på Njøs pr. juni 2022 – av desse utfører 13 utviklingsarbeid og rådgiving innan frukt og bær.

Njøs frukt- og bærsenter er ei namne-endring av Njøs næringsutvikling. Njøs næringsutvikling AS vart skipa 29.08.2007, og er eit prosjektbasert selskap. Det største oppdraget er det langsiktige foredlingsoppdraget i frukt og bær frå Graminor. Meir kortvarige prosjekt vert utvikla i samarbeid med næringa og offentlege bidragsytarar, fyrst og fremst i tilknyting til foredlingsoppdraget. Dei fleste prosjekta nyttar seg av jord-areal, teknisk utstyr og veksthusplass på Njøs, medan andre prosjekt vert løyste hjå kundane.  Njøs frukt- og bærsenter tek også del i internasjonale prosjekt som kan gagna frukt- og bærnæringa både regionalt og nasjonalt.

Njøs frukt- og bærsenter ligg like ved kontora til Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland og Statens vegvesen region vest, på eigedomen som tidlegare har vore forskingsstasjon tilknytta Statens forskingsstasjonar i landbruk, Planteforsk og Bioforsk. Det har vore drive utviklingsoppgåver innan frukt og bær på eigedomen sidan 1920. Meteorologiske observasjonar er tekne på Njøs frå 1929, og stasjonen er i dag tilknytta NIBIO sine landbruksmeteorologiske tenester.

Styret

Styret er frå 2023:

Harald Blaaflat Mundal

Styreleiar
Sogn frukt og grønt SA

Ellen-Margrethe Hovland

Styremedlem
Gartnerhallen SA

Jan Audun Larsen

Styremedlem
Lerum AS

Trude Risnes

Styremedlem
Vestland fylkekommune

Kristin Børresen

Styremedlem
Graminor AS

Ole Runar Lyslo

Styremedlem
Innvik fruktlager

Aksjonærar i Njøs frukt- og bærsenter AS

I alt 10 aksjonærar teikna aksjer i Njøs frukt- og bærsenter
Fylgjande bedrifter har aksjer i Njøs frukt- og bærenter

Næringsklynga på forsøksgarden

Forsøksgarden er lokalisert på Njøs, nærare bestemt i Njøsavegen 5. Statens forsøksgard for fruktdyrking vart oppretta her i 1920, men Staten sitt engasjement i Njøs er i dag heilt avslutta. I dag er det Njøs frukt- og bærsenter og Norsk landsbruksrådgiving Vest som held til her. Eigedomen er eigd av Njøs eigedom, der Njøs frukt- og bærsenter er hovudaksjonær.

  1. www.njos.no

  2. www.vest.nlr.no

Næringsklyngja ligg tett ved administrasjonsbygget til Statsforvaltaren i Vestland, og i utkanten av Hermansverk sentrum, der deler av administrasjonen til Vestland fylkeskommune held til.

Samarbeidspartnarar

Regionale:

Samarbeidspartnarar

Nasjonale:

Samarbeidspartnarar

Internasjonale: