Njøs næringsutvikling skal vera Sogn og Fjordane sin viktigaste reiskap for nyskaping og næringsutvikling i frukt og bær og andre prioriterte landbruksprodukt.


undefined
Nytt ugrasmiddel
Ugrasmiddelet MaisTer, med lengre effekt enn Reglone, har nettopp fått off-label godkjenning for bruk i frukt, bringebær, rips, solbær, stikkelsbær og blåbær.
Les meir

Humler gjer ein viktig jobb med å bestøve frukt og bær
Humler vert rekna som viktige pollinatorar i frukt og bær. Bestandar går tilbake verden over, i Storbritannia er det no berre att 24 humleartar. Dei gjenlevande artane er hardt pressa grunna tap av blomsterrike habitat som er nødvendige for å sikre nok nektar og pollen til ulike stadium i livssyklusen.
Les meir

Sunne økologiske eple med svovel og bakepulver
I eit toårig forsøk har forskarar ved universitetet i Aarhus prøvd ut sprøyteteknikkar og sprøytemiddel på ei rekke eplesortar. Vanleg sprøyting med svovel blei samanlikna med sprøyting med sprinklarar der ein brukar svovel, og andre året også bakepulver.
Les meir
Optimering av gråskimmelkampen i bringebær
Fleire dyrkarar i Sogn og Fjordane hadde problem med gråskimmel i bringebær i år. I sist nummer av det tyske tidsskriftet Obstbau, er referert til tyske forsøk med nye midlar og korleis ein kan få til ein god strategi. Hovudkonklusjonen er at ingen av dei nye midla er betre enn eksisterande, og det krevst 3 sprøytingar under blomstringa.
Les meir

Dyrkingsrettleiing bringebær oversett til islandsk og færøyisk
Ei engelsk dyrkingsrettleiing for bringebær som Njøs næringsutvikliing skreiv i prosjektet ATLANTBERRY, er no tilgjengeleg i islandsk og færøyisk versjon.
Les meir
Kom godt i gang med øko-epleplanting
I sist nummer av det danske tidsskriftet "Frugt og grønt", går Hanne Lindhard frå Gartnerirådgivningen gjennom ulike ting ein må passa på for å lukkast med ein økologisk eplehage. Det er mykje å passa på, og Lindhard er ein av autoritetane på området i Norden.
Les meir

Internasjonal konferanse om tindved
Ein internasjonal tindvedkonferanse vart arrangert i Potsdam, Tyskland, 14.-17. oktober 2013. Den samla over 200 tindvedinteresserte frå 29 land.
Les meir
Pæresorten Kristina‚ foto SHH
Prioriterte forskingsoppgåver i amerikansk pæredyrking
I sist nummer av The Goodfruitgrower (nr 14/2013), er Ray Schmitten frå Washington intervjua om kva som er dei viktigaste FoU-oppgåvene i pære for konsumsektoren. Han peikar på fem ulike område som er heilt sentrale, i alle fall i USA. Dei bør også vera aktuelle i norsk arbeid med pærer
Les meir
Olav J. Bøthun og Rune Hatleli i svarthyllplanting (foto Marianne Bøthun)
Svarthyll og tindved
Eit nytt prosjekt på svarthyll og tindved arrangerte oppstartsmøte på Njøs 5. - 6. september.
Les meir
undefined
Markdag om jordtrøyttleik og kompostte
Njøs Næringsutvikling inviterar til markdag om jordtrøyttleik og bruk av kompostte i frukt og bær den 21. AUGUST. Jordtrøyttleik er ei stor utfordring i internasjonal fruktproduksjon, særleg i Syd Tyrol og og viktige fruktdistrikt i USA og temaet er også relevant her i landet. Njøs Næringsutvikling inviterar eksterne fagfolk og set fokus på jordtrøyttleik og kva effekt bruk av kompost og kompostte kan ha.
Les meir
Heim    Nyhende    Prosjekt    Tilsette    Om oss    Publikasjonar    Kontakt    Næringsklynga    Fagstoff