Ville bær i Tsjekkia og Noreg

Prosjektet «Ville bær i Tsjekkia og Noreg» studerar diversitet i ville førekomstar av fleire frukt- og bærvekstar i dei to landa. NNU sin del av prosjektet omfattar ville bringebær og tindved.

Prosjektet «Conservation and breeding potential of native fruits in the Czech Republic and Norway», med vår arbeidstittel «Ville bær i Tsjekkia og Noreg», er eit toårig prosjekt (april 2015-april 2017) finansiert ved bilaterale midlar gjennom EØS-avtalen. Norsk prosjektpartner er NIBIO, og NNU er underkontraktør som utfører oppgåver med innsamling og karakterisering av materiale av ville bringebær og tindved.

Prosjektleiar for NNU sin del: Dag Røen

Forrige
Forrige

KlimaFrukt

Neste
Neste

FREMTIND