Eple

Graminor er ansvarleg for utviklinga av frukt- og bærsortar i Noreg på oppdrag frå staten. Dette inneber blant anna utvikling av nye eplesortar som er tilpassa norsk klima og marknad. Sortsutviklinga i frukt går føre seg på NJØS frukt- og bærsenter (NJØS) på Leikanger i Sogndal kommune. 

Ein har lenge trudd at det var munkane som introduserte arten på 1200-talet, men det ser ut til at også epledyrking kan vera eldre enn dei fyrste klostera i landet. På 1300-1400 talet blei eple særleg dyrka i Hardanger og Sogn som dermed har lange tradisjonar innan fruktdyrking. Sidan antikken har eple vore den viktigaste frukta i det tempererte klimaet i Asia og Europa, og det har blitt avla fram mange eplesortar. Faktisk meir enn 10 000 eplesortar. Epla me kjenner frå kommersiell dyrking i dag har i hovudsak sitt genetiske opphav frå områda rundt Silkevegen i Sentral-Asia (Kazakhstan, Kirgisistan), men med noko genetisk innslag frå det europeiske villeplet. Eple er i dag den viktigaste frukta her i landet målt i volum. 

Sortsutviklingsmål  

God tilpassing til klima i verdas mest nordlege fruktdyrkingsområde 

Landet vårt ligg langt mot nord, sommaren er kort og kjøleg samanlikna med fruktdistrikt lenger sør. Denne klimatiske forskjellen har skapt utfordringar for fruktbøndene opp gjennom tidene med tanke på både fruktkvalitet og plantevernarbeid. Av eplesortar tilgjengeleg globalt, er få av dei tilpassa dei særeigne veksttilhøva i Noreg. Vegen fram til godt tilpassa sortar som gir årviss stor avling av god kvalitet, har vore lang og dette er framleis eit viktig mål i den norske epleforedlinga. 

Robuste frukter som lagrar godt og toler handtering 

Eplesesongen startar i august og norske eple er no å finna i butikk til og med februar. Den norske sesongen kan utvidast vidare med betre sortar og særskilde lagringsteknikkar. Eple vert som oftast ete naturell. Smaken vil variera etter sort og mogningsgrad. Eple vert også brukt i fruktsalatar, til ost, syltetøy eller i paiar og kaker, og i tillegg går ein del av epla til juice- og siderindustrien. Sidan mesteparten av epla som vert omsett i Noreg vert selt til ferskkonsum i daglegvarebutikkar, og gjerne ei stund etter dei vart plukka, er det eit viktig mål at dei norske sortane har god lagringsevne og toler handteringa heile vegen frå tre til forbrukar. 

Utstyr for kombinert mekanisk og akustisk måling av tekstur. 

God etekvalitet 

Eit viktig foredlingsmål i det norske epleforedlingsprogrammet er etekvalitet. I dette omgrepet ligg det at eplet skal opplevast sprøtt og saftig, med ein fin balanse mellom sødme, syre og aroma. Sprøheit er ein svært kompleks eigenskap som tidlegare er blitt evaluert av sensoriske panel, men det er krevjande å skilje eigenskapar som fastheit og sprøheit. Som den fyrste i Skandinavia har NJØS difor nyleg teke i bruk avansert utstyr for kombinert mekanisk og akustisk måling av tekstur, der ein får sofistikerte profilar av kvar eplesort på fastheit, «crispiness» og «crunchiness». 

Resistens mot sjukdomar 

Vi arbeider alltid med å auke resistens mot skadegjerarar i alle artane vi utvikler nye sortar av. I eple ser vi spesielt på motstandsevne mot epleskurv, mjøldogg, lagersjukdomar og frukttrekreft. Dette er viktig for å redusere behovet for sprøyting med plantevernmiddel i frukthagane og redusere svinn under lagring og omsetnad av frukta.  

Eplefrøplanter klare for smitting av epleskurv.

Smitting av eplefrøplanter med sporeløysing av epleskurv. 

Frøplanter klare til seleksjon 2-3 veker etter smitting.

Nye metodar gir auka treffsikkerheit 

Tradisjonell foredling er ein tidkrevjande prosess, og spesielt i fruktartane som er fleirårige der produktet er frukta. Dette er på grunn av den lange tida det tek før frukttre kjem i bering. Normalt tek det 15-20 år frå kryssing til lansering av ein nye eplesort. Ny DNA-teknologi har potensial til å auke effektiviteten ved utvikling av nye eplesortar med forbetra fruktkvalitet, betre sjukdomsresistens og god klimatilpassing. Foredlingsprosessen går ikkje så mykje raskare med den nye teknologien, men blir mykje meir presis.Teknikkar som dreg nytte av det nyleg kartlagte eplegenomet er utvikling av statistiske modellar for genomisk seleksjon, og studier for å identifisera genetiske markørar. Slike genomiske verktøy kan hjelpa fruktforedlarar å gjera velinformerte val vedrørande foreldresortar og for å kunne velja ut frøplanter med best mogleg fruktkvalitet utan å måtte sjå og prøva ut frukta fyrst. 

PhD student Liv H. Gilpin ekstraherer eple-DNA på laben hjå Graminor. 

 

Utvikling av ein ny sort 

Ansvarleg for det norske epleforedlingsprogrammet, Dag Røen. 

Kryssingsarbeidet bygger på systematiske registreringar frå tidligare kryssingar og måling av avkomma sine eigenskapar. Eple vert kryssa med mål om å skapa sortar som har årvisse gode avlingar, sterk sjukdomsresistens og robuste frukter med god etekvalitet, fin utsjånad. 

Markørassistert seleksjon (MAS) har blitt ein del av europeisk og norsk sortsutvikling. Den molekylærbiologiske metoden går ut på å finne gen som for eksempel gir ein sort sterk motstandskraft mot ein sjukdom. Viss ein finn desse gena, og genetiske markørar for dei, så kan dei minst motstandsdyktige individa veljast bort på eit tidleg stadium. I staden for fleire år ute i felt, kan ein ved hjelp av bladprøvar finne ut om eitt individ er sterk eller svak mot ein sjukdom, eller har frukt som toler lagring godt eller dårleg.  

Eplekryssing blir gjort ute i felt. Vi samlar pollen frå det som blir farsorten og overfører til arret på blomar hos morsorten. Pollen blir samla ved å ta ut pollenknappar frå blomar før dei opnar seg, og tørke desse slik at dei slepper pollenet. Dei blomane vi skal pollinere blir også brukt før dei opnar seg. Før pollinering fjernar vi da kronblad og pollenberarar i desse blomane. På den måten sikrar vi oss at vi har kontroll på kombinasjonen av farsort og morsort. 

Samling av pollen

Klargjering av tørka pollen

Pollinering

Når fruktene frå kryssing er mogne, tek vi ut frøa. Dei blir sådd og gitt ein periode på 3 månadar ved ca. 5 °C for å heve frøkvila. Frøa spirer til frøplanter, som alle er ulike individ med ulik kombinasjon av gen. Når frøplantene har 2-3 blad smittar vi dei med epleskurvsoppen og etter ein månads tid fjernar vi dei plantene som ikkje er sterke mot epleskurv. Dei sterke plantene står i veksthus fram til utplanting av frøplantefelt utpå ettersommaren. 

Eplefrøplanter har ein ungdomsfase på tre til fem år som dei må gjennom før dei dannar blomar og frukt. Når dei har fått dei første fruktene går vi gjennom frøplantefeltet og vel ut dei individa som best kombinerar dei eigenskapane vi er ute etter. Vi haustar frukt av desse lovande individa, legg frukta på lager og gjer ei vurdering av kvalitet og lagringsevne hos dei utover hausten og vinteren. I frøplantefeltet gjer vi også registreringar av sjukdomar, treform og avlingspotensial. 

Dei aller mest lovande individa i frøplantefeltet blir selektert til å gå vidare i ei førsteprøving. Vi formeirar da desse individa vegetativt ved å ta podekvist av dei og pode på grunnstammar i veksthus. Etter ein sesong i veksthus plantar vi ut fem tre av kvar seleksjon i førsteprøvingsfelt, i samanlikning med standardsortar. Her blir all frukta hausta og vege slik at vi får tal for avling og fruktstorleik. Frukta vert lagra inn og kvalitet, lagringsevne, lagersjukdomar og fysiologiske skadar vert undersøkt fleire gonger gjennom lagringssesongen. Vi gjer da ei vurdering av salsappell (utsjånad), sprøheit, saftigheit, totalinntrykk smak og mogningsgrad. Frukta blir skore gjennom for å sjå på oksidering (brunfarging) av snittflata. Vi tar ein test av kor utsett frukta er for støytskade, måler fastheit og analyserer for innhald av løyst tørrstoff (Brix) og syre. 

Seleksjonar som i førsteprøvinga ser ut til å ha potensial for å kunne bli ein sort blir så sendt ut til prøving og vurdering hos dyrkarar og omsetnadsledd. Er seleksjonen da framleis lovande nok, går den til lansering som sort. Samtidig blir sorten rettsbeskytta og den blir rensa og testa for å kunne tilby reint utgangsmateriale for treproduksjon.