Plomme

Plomme er ei stor gruppe av arter der den arten som vert dyrka i Noreg høyrer til Europeiske plommer (Prunus domestica). I verda elles er det meste av plommene som vert dyrka andre arter som har heilt andre eigenskapar, m.a. hardare skal og lengre holdbarheit, men med mindre aroma. Det er desse sortane som dominerer verdshandelen, saman med sviskeplommer som høyrer til blant dei Europeiske plommene.

Plommer vert i fyrste rekkje brukt til frisk-konsum, men det er også eit attraktivt råstoff til turking (svisker), syltetøy og spritproduksjon (Slivovitz). Hermetisering av plommer har også vore vanleg i Noreg, og mindre kvanta vert omsett m.a. frå gardsbutikkar. Til industriell bearbeiding vert oftast brukt spesielle sortar, men slik produksjon har svært lite omfang i Noreg. Det norske forbruket til frisk-konsum er om lag 4.000 tonn, og om lag halvparten av dette er norsk som vert selt i ein periode på ca 8 veker. Plommer er såleis eit typisk sesongprodukt.

Slik lagar me ein ny sort

Den enklaste måten å driva sortsforedling på i plommer, er å så steinar av gode sortar. Då kjenner ein morsorten, men ikkje farsorten. Fordelen med dette er at det er rimeleg å laga store mengder frøplanter, og sortar som kjem ut frå ein slik metode blir skildra som (morsort x o.p.) der o.p. står for open pollinering. For å få større sjanse til å lukkast i foredlingsarbeidet, brukar ein kontrollert kryssing, med pollen frå ein kjend farsort. Det er dette som er standard prosedyre i Graminor sitt foredlingsprogram. Ved slik frøformeiring av frukt, får ein frigjort den store genetiske variasjonen som ligg i dei enkelte sortane, og kan gjera utval i avkommet som grunnlag for nye sortar. Det ligg mykje arbeid bak kvar enkelt frøplante etter kryssing – om ein kryssar 1.000 blomster, gir det gjerne ikkje meir enn 50-100 frøplanter, oftast er det dårleg spiring som er problemet.

Små plommetre som veks frå frø må bli «vaksne» før dei blomstrar

Som andre fruktarter har plommefrøplanter ein ungdomsfase (juvenil fase) dei må gjennom før dei kan blomstra og setja frukt. Denne perioden før trea er «kjønnsmogne» tek 4-6 år avhengig av planta sine genetiske eigenskapar og kor godt stell den får. Dette betyr at treet treng mykje plass før ein kan vurdera frukta – typisk 3,5-4 m2. Alle trea er genetisk ulike, som syskjen, halvsyskjen, meir perifert slektskap, eller ikkje i slekt i det heile.

Seleksjon i felt

Frøplantene vert vurderte i felt etter eit sett med eigenskapar med utgangspunkt i foredlingsmåla. Sjølv innafor ein familie (planter som har same foreldre), vil mogningstida mellom trea variera med fleire veker. Difor må ein gå gjennom desse frøplantefelta helst 1 gong i veka i 8-10 veker, der kvart tre vert observert og notatar vert gjort. Regnfulle haustar er ei utfordring når ein går i desse felta! Det vert ikkje brukt noko form for preseleksjon som sjukdomssmitte eller genetiske markørar i plommeforedlinga. Fram til no er det gjort lite på dette internasjonalt i den plommetypen me dyrkar, og risikoen ved å kasta den eine gode sorten før den får vist kva den duger til i felt, er vurdert som høgare enn nytten av å auka den generelle kvaliteten på trea som står i felt.

Utval (seleksjon) av dei beste typane skjer ved enkel masseseleksjon. Det vil seia at ein merkar dei beste trea, og podar dei opp til vidare forsøk. Deretter vert frøplantefeltet med mortrea rydda.

Utprøving av lovande seleksjonar

I dei vidare forsøka vert sortane vurderte for agronomiske eigenskapar, det vert gjort sensoriske testar og me frys ned prøvar for testing av sukker og syre. Summen av desse analysane gir oss grunnlag til å vurdera kva for sortar som er best i forhold til dei foredlingsmåla som er sette, men dei viktigaste eigenskapane vert prioriterte. I forsøka er det med målestokksortar som dei nye kandidatane vert vurderte opp mot.

Dei beste utvala vert så sende ut til vidare prøving hos NIBIO, interesserte dyrkarar og institusjonar i inn- og utland, før ein tek beslutning om den er god nok til å få namn og blir sleppt ut i produksjon. 

Hovudmål for nye norske plommesortar:

  • God fruktkvalitet

  • Store frukter

  • Høg salsappell

  • Holdbare frukter

  • Faste frukter

  • God avling (ikkje for stor, då det gir stort tynningsbehov)

  • Laus stein

I tillegg vet det gjennomført målingar på fleire andre karakterar som blir tatt omsyn til når ein ny sort skal lanserast.