Bringebær

Graminor er ansvarleg for utviklinga av frukt- og bærsortar i Noreg på oppdrag frå staten.
Dette inneber blant anna utvikling av nye bringebærsortar som er tilpassa norsk klima og marknad. Sortsutviklinga i bær går føre seg på Njøs frukt- og bærsenter (NJØS) på Leikanger i Sogndal kommune.

Bringebær (Rubus idaeus) veks vilt i Noreg og er godt tilpassa norsk klima. Ville bringebær er vanlege opp til skoggrensa og nordover til nord  i Troms. Vi har gode klimatiske føresetnader for dyrking av bringebær, sjølv om ein del sortar ikkje er vinterherdige nok til å kunne dyrkast alle stader ein finn villbringebær. Gjennom foredling har ein fått fram sortar som skil seg mykje frå dei ville bringebæra i t.d. veksekraft hos skota, avlingsnivå og  bærstorleik.

Fram til ca. år 2000 var den kommersielle bringebærdyrkinga i Noreg i all hovudsak dyrking til industri (syltetøyproduksjon) med Sogn og Fjordane som det dominerande produksjonsområdet. Produksjonen var stort basert på den mørke sorten ‘Veten’, som vart lansert frå Njøs på 1960-talet. Denne sorten er mjuk og syrleg, og ueigna for omsetnad til friskkonsum. Kring 2000 kom det sortar som hadde fastheit og bærkvalitet som gjorde dei aktuelle for omsetnad gjennom butikk som ferske bær. Det var først med sorten ‘Glen Ample’ det tok av. I tillegg til å vera såpass fast og såpass på smak at den kunne omsettast på denne måten, har den også vist seg å ha vid adaptasjon slik at den er godt egna både sør og nord i landet, på friland og i plasttunnel. Den gode adaptasjonen hos ‘Glen Ample’ er særleg knytt til tidleg vekstavslutning og blomeknoppdanning om hausten.

Sortsutviklingsmål

God bærkvalitet

Eit viktig foredlingsmål i det norske bringebærforedlingsprogrammet har vore å kombinere god etekvalitet med god fastheit. Dette er med sikte på bær som toler omsetnad bra og som samtidig smakar godt når dei når fram til forbrukar. Det som opplevast som god smak hos bringebær er ofte knytt til at bæra har eit høgt sukkerinnhald kombinert med ikkje for mykje syre, og at dei samtidig har ein god bringebæraroma. Graminor-sortane  ‘Agat’, ‘Duo’ og ‘Ninni’ har alle betre fastheit og søtare smak enn ‘Glen Ample’. Til syltetøyproduksjon er det særleg god farge og fargestabilitet i kombinasjon med god aroma som er viktig, men dersom bæra i utgangspunktet også har meir sukker og mindre syre treng ein ikkje tilsette like mykje sukker i produkta. Graminor-sortane ‘Agat’. ‘Anitra’ og ‘Duo’ har ved prøvesylting hos syltetøyprodusentar vist seg å vera gode råstoff til syltetøy. Det gir best økonomi hos produsent dersom fråsorterte bær i friskkonsum-produksjonen kan brukast til industri. Det har  derfor vore eit mål å få fram sortar som egnar seg til begge føremål (kombinasjonssortar).

Høg avling med store bær

For økonomien til dyrkar er det viktig med høg avling og god bærstorleik.  Fordi plukkekostnadane utgjer ein stor del av kostnadane i produksjonen betyr bærstorleiken mykje. Store bær er derfor eit viktig foredlingsmål. Samtidig må det vera mange bær per sideskot og mange sideskot (god knoppbryting  i heile skotet si lengd) for at sorten skal gje høg avling.

God overvintring

Norsk bringebærdyrking i jord på friland og i tunnel er nesten berre med sommarberande sortar, dvs. sortar der ein tek avling på skot som vaks opp året før og har overvintra. For å sikre ein stabil produksjon er det da viktig at skota er lite utsett for vinterskade. Lenger sør er det ofte haustberande sortar som blir dyrka. Desse gir avling same året som skotet veks opp, men i vårt klima mognar desse sortane så seint at avling og bærkvalitet ikkje blir god nok. Overvintringsskade hos bringebær har ikkje berre med kor mykje kulde knoppane toler midt på vinteren, men også kor tidleg dei avsluttar veksten og går inn i kvile om hausten, og kor lett knoppane bryt i milde periodar om vinteren. Sortar med tidleg vekstavslutning og høgt kjølekrav for kvilebryting er da jamt over meir vinterherdige.

Gode dyrkingseigenskapar

Det er ønskeleg at skota hos nye bringebærsortar er tornfrie eller har få og lite stikkande tornar. Det lettar arbeidsforholda både ved plukking av bær og ved skjering og oppbitting av skot. Det må dannast nok nye skot og årsskota bør vera opprette med høveleg veksekraft. Korleis bæra er plasserte / eksponerte på sideskota har betydning for plukkehastigheita. NJØS er med på eit prosjekt for utvikling av robothausting av bringebær, og det kan da verta nødvendig med sortar som er spesielt tilpassa ein slik haustemetode for å få ei effektiv hausting.

Resistens mot skadegjerarar

Vi arbeider alltid med å auke resistens mot skadegjerarar i artane vi utviklar nye sortar av.

I frøplantefelta av bringebær selekterer vi vekk planter med symptom på åtak av bringebærbladmidd / eit virus bladmidden overfører (raspberry leaf blotch virus - RLBV). Individ som er spesielt utsette for bringebærrust, mjøldogg og stengelsjukdomar blir også selektert vekk i frøplantefelt. Gråskimmel på bæra (råte) blir registrert ved alle haustingar i prøvinga av nye sortskandidatar, og dei som er spesielt utsette blir luka vekk undervegs.

Seleksjon for symptom på bladmidd/RLBV i frøplantefelt. Frøplanta til høgre viser kraftige symptom, mens nabofrøplanta til venstre er utan symptom.

Raud rotråte er ein alvorleg sjukdom i bringebær som øydelegg røtene til plantene slik at dei døyr. Denne sjukdomen er eit sterkt aukande problem i norsk bringebærdyrking i jord. Sortane ‘Asker’, Latham’ og ‘Autumn Bliss’ er viktige kjelder for resistens mot denne sjukdomen, men det trengs fleire generasjonar med kryssing for å få resistensen kombinert med god nok fruktkvalitet og bærstorleik. I dei siste åra ein også vorte klar over skaden som sjukdomen svart rotråte gjer på bringebærplanter. Her har vi ikkje funne gode resistenskjelder enda. For både raud rotråte og svart rotråte kan vi bruke smitteforsøk i vasskultur (hydroponic culture) for å kartlegge kor mottakelege sortar er og finne planter som er resistente.   

Raud rotråte årsaka av Phytophtora rubi. Bildet viser røter av fire bringebærsortar i vasskultur etter smitting med zoosporar av P. rubi. Planta av den resistente sorten ‘Asker’ har god vekst av friske røter, mens planter av tre mottakelege sortar har daude røter.  

Svart rotråte årsaka av soppar i slektene Dactylonectria og Ilyonctria. Bilda er frå eit smitteforsøk i vasskultur der planter av ulike bringebærsortar er smitta med Ilyonectria robusta ved dypping av røtene i sporeløysing. Bildet til venstre er usmitta kontroll, mens bildet til høgre viser planter som er smitta.

 

Nye metodar gir auka treffsikkerheit

Tradisjonell foredling er ein tidkrevjande prosess. Normalt tek det minst 10-15 år frå kryssing til lansering av ein ny bringebærsort. Ny DNA-teknologi har potensial til å auke effektiviteten ved utvikling av nye bringebærsortar. Foredlingsprosessen går ikkje så mykje raskare med den nye teknologien, men blir mykje meir presis. Gena hos bringebær er ikkje like godt kartlagt som hos t.d. eple, men ein tek til å få mykje på plass også i bringebær. Det første genomet hos raude bringebær (Graminor-sorten ‘Anitra’) vart publisert i 2022. Denne kunnskapen kan nyttast i utvikling av statistiske modellar for genomisk seleksjon, og studiar for å identifisera genetiske markørar. Slike genomiske verktøy kan hjelpa bærforedlarar å gjera velinformerte val av foreldresortar i kryssing og gjennomføre markørbasert tidlegseleksjon i frøplanter. Det skotske foredlingsprogrammet har t.d. nyleg lansert ein ny sort som har ein genetisk markør for resistens mot sjukdomen raud rotråte.

Ansvarleg for det norske foredlingsprogrammet i bringebær, Dag Røen.

Nyspirte bringebærfrøplanter. På dette stadiet kan vi velge ut dei plantene som er uten tornar på skota.

Utvikling av ein ny sort

Kryssingsarbeidet bygger på systematiske registreringar frå tidligare kryssingar og måling av avkomma sine eigenskapar. Bringebær blir kryssa med mål om å skapa sortar som har gode avlingar, store og faste bær med fin utsjånad og god smak.

Bringebærkryssing gjer vi stort sett i veksthus. På sortar som skal brukast som farsort isolerer vi sideskot med posar før blomane har opna seg. Når vi skal pollinere opnar vi da desse posane og plukkar opne blomar som vi legg i ei petriskål med lokk. Vi fjernar kronblad og pollenknappar hos blomar på morsorten rett før dei opnar seg. Så tek vi blomane frå farsorten og pollinerer ved å stryke pollenknappane på desse direkte på arra til blomane av morsorten. Etter pollinering isolerer vi dei pollinerte blomane med posar, slik at dei ikkje blir besøkt av pollinerande insekt med anna pollen. På denne måten sikrar vi oss at vi har kontroll på kombinasjonen av farsort og morsort.

Posane heng på til bæra er mogne. Da haustar vi dei, skil frøa frå fruktkjøtet og tørkar dei. Frøa sår vi i bærkorger med jord i månadsskiftet november-desember etter først å ha skada frøskalet med svovelsyre for å få betre spiring. Etter såing får dei stå i kjøleskap fram til frøkvila er heva og dei spirer. Dersom familiane spaltar for tornfrie skot, kan vi velje ut dei tornfrie plantene rett etter spiring.

Frøplantene blir planta ut i frøplantefelt i juni. Andre året etter planting startar vi seleksjon i frøplantefeltet. Vi går da gjennom feltet og vel ut dei individa som best kombinerar dei eigenskapane vi er ute etter. Vi haustar bært av desse lovande individa, og vurderer dei inne både nyhausta og etter nokre dagars lagring.

Dei aller mest lovande individa i frøplantefeltet blir selektert til å gå vidare i ei førsteprøving. Vi formeirar desse individa vegetativt ved å legge røter som vi haustar stiklingar frå. Vi planter sju planter av kvar seleksjon i førsteprøvingsfelt, i samanlikning med ein standardsort. Desse plantene blir fullhausta i tre sesongar slik at vi får gode tal for avling. Vi haustar bærprøvar fleire gonger gjennom kvar haustesesong. På desse bærprøvane registrerer vi bærvekt, vurderer bærkvalitet sensorisk (salsappell, fastheit, skinnstyrke, smak og farge) og analyserer innhald av løyst tørrstoff (Brix), syre og anthocyaninar (raudfarge).

Seleksjonar som i førsteprøvinga ser ut til å ha potensial for å kunne bli ein sort blir så sendt ut til vidare prøving og vurdering hos NIBIO, dyrkarar,  omsetnadsledd og industri. Er seleksjonen da framleis lovande nok, går den til lansering som sort. Samtidig blir sorten rettsbeskytta og den blir reinsa og testa for å kunne tilby reint utgangsmateriale for planteproduksjon.