PomefruitC&E

Ivaretaking og bruk av genetiske ressursar er avhengig av gode karakteriseringar av eigenskapar hos dei sortane ein tek vare på. Ein treng da gjennomarbeidde og velprøvde deskriptorlister for kvar art, for å få ei einsarta og harmonisert beskrivelse av eigenskapane hos sortane.

European Cooperative Programme for Plant Genetic Resources (ECPGR) har løyvd midlar til prosjektet "Common ECPGR protocols and tools available for Characterisation & Evaluation of Malus/Pyrus genetic resources" (kortnamn Pomefruit - C&E), med totalt 22 partnerar i 18 land.

Njøs næringsutvikling er norsk partner i dette prosjektet, og bidrar i utarbeiding, utprøving og ferdigstilling av felles europeiske deskriptorlister for eple og pære. Landbruksdirektoratet har løyvd supplerande midlar til den norske deltakinga i prosjektet.

 

 

Forrige
Forrige

Karakterisering og evaluering av rotekte plommer

Neste
Neste

KreftKamp