Karakterisering og evaluering av rotekte plommer

Njøs næringsutvikling samla inn nær 50 ulike typar av rotekte plommer frå Sørlandet til Trøndelag og frå Vestlandet til Østerdalen i 2007. Desse plommene, som veks på eiga rot, er svært gamle her i landet, og er anten blå, gule, raude eller gulraude. Nokon mognar tidleg medan andre ikkje er mogne før det kjem frost om hausten. Ein del av dei har også vore nytta som grunnstammer. 

I perioden 2011-2015 vert det gjennomført studier av plommene i felt og på laboratorium, og det er også utført DNA-analyser av materialet. Mange av sortane er identiske, og det er også funne rotekte Victoria, Czar og River's Early Prolific i materialet, men 22 er unike og vert tekne vare på. 

Njøs næringsutvikling skal formeira opp ein del av dette materialet, rensa det og testa for virus. Etter kvart vil materiale av desse typane bli tilgjengelege, og det vil også bli tilgjengeleg informasjon om eigenskapar hjå dei ulike sortane. 

Prosjektet produserte så gode resultat at metodikken her var bakgrunnen for eit Europeisk plommeprosjekt som vart starta opp i januar 2015, kalla PRUNDOC.

 

Forrige
Forrige

Auka volum av norske plommer

Neste
Neste

PomefruitC&E