Podekvist plommesort: Reine Claude d'Althanns

kr 125,00

Oppalen av Herr Prochaska, gartnar hjå grev Michael Joseph Althann, i Swoyschitz, Böhmen. Nemnd i English Journal of Horticulture i 1869 som ein ny sort utsend av Ths. Rivers. Lansert kring 1850. Althanns har svært god kvalitet, og har vore mykje palnta i fruktstròka i landet. Frukta er stor til svært stor, med høgraud eller purpurraud dekkfarge. Kjøtet er gulaktig, saftig og svært søtt. Sorten er sjølvsteril og treng pollensort. Den er kravfull og treng lang og god haust. Althanns var ein av Reine Claude-sortane som var mykje planta ved frukttreteljina i 1946, med over 9.000 tre. Sorten fanst i 34 av 35 bygder (Ikkje i Lærdal) Sidan sorten har vore i landet i over 100 år, er det grunn til å ta denne sorten inn som ein norsk mandatsort, då det kan ha oppstått genetiske endringar i forhold til den opprinnelege sorten.

Les meir om sorten Fruktsorter

Porto og ekspedisjon er 150 kr.

Antall:
Legg til i handlevogn