Podekvist plommesort: Czar

kr 125,00

Frøplanta bar fyrste frukt i 1874. Den russiske keisaren var på vitjing i England dette året, og sorten vart oppkalla til hans ære. Ljones (1955) nemner at sorten kom til NLH i 1909. Per Stedje har utførleg omtale av sorten i meldinga om sortssamlinga på Njøs. Czar var lenge vår viktigaste tidlegsort i plomme. Sjølvfertil. Utsett for monilia. Prince Englebert er morsort. Farsorten er ikkje sikker, men truleg R.E.Prolific Czar fanst i alle bygder under frukttreteljinga i 1946, og var den viktigaste tidlegsorten saman med River's Early Prolific fram til Opal kom. Sidan sorten har vore i landet i over 100 år, er det grunn til å ta denne sorten inn som ein norsk mandatsort, då det kan ha oppstått genetiske endringar i forhold til den opprinnelege sorten.

Les meir om sorten Fruktsorter

Porto og ekspedisjon er 150 kr.

Antall:
Legg til i handlevogn