Dyrking av tindved

kr 200,00
utsolgt

Tindved har ei naturleg utbreiing i Eurasia, frå Sibir og Kina til omårdet rundt Østersjøen og Nordsjøkysten. I Norge finn vi den på strandenger, sandstrender og elveøyrer frå Melhus i Sør- Trøndelag til Ibestad i Troms, men også mindre førekomstar i Lom, Skjåk, Stryn og Grimstad. Tindved er i brukt som prydeplante over heile landet (herdigheit inntil H8), og er nokre stader forvilla. Det er planta store areal med tindved i nordlege Kina og Mongolia for å motverke jordrosjon og unngå fortørking , og som ein ressurs for lokalbehandlinga. Ser ein på areal med sortar spesielt utvalde for fruktproduksjon er det vanskeleg å finne sikre opplysningar om kor stor areal det er på verdsbasis. Størst areal er det truleg i Russland og Kina. I Canada er det 3.000-4.000 daa, Tyskland og Estland har kvar ca. 2.000 daa, Findland 1.500 daa, Latvia 500 daa og Sverge vel 100 daa. Det er generelt aukande interesse for veksten i land med temperert klima over heile verda, men ein ser teikn på at veksten i dyrka areal har flata ut dei siste åra m.a. i Tyskland.
Tindved som veks vill i Norge og dei sortane vi har hatt til prøving er av arten H. rhamnoides. Den dannar ein rikt greina busk eller lite tre med kvasse greitornar, smale blad og sølvglinsande skjoldhår på bladunderside og skot. Tindved er særbu, det vil sei at det er separate han- og hoplanter, og arten er vindpollinert.

Porto er 60 kr. 
Fri frakt ved kjøp over 500 kr.

Legg til i handlevogn