Aktuelt arkiv

Rapport om Celina frå Fruit logistica 2017

Celina vart presentert på mange utstillingspostar på Fruit logistica 8.-10.02.2017, og det vart presentert nye resultat frå ulike land på det årlege "Celina technical meeting". Celina er no i kommersielle plantingar i 11 land utanom Noreg, og fleire står for tur. 

Les mer

Njøs næringsutvikling skal delta i to nye FoU-prosjekt

Njøs næringsutvikling er med i to forskningsprosjekt som vart innvilga denne veka. "Auka volum av smakfulle norske plommer" og "Et krafttak mot frukttrekreft" vil vera viktige prosjekt innafor kvar sitt område. Njøs næringsutvikling er underleverandør i begge prosjekta, og har ei stor rolle i plommeprosjektet. Begge prosjekta går over fire år. 

Les mer

Mild og våt desember avslutta 2016

Desember 2016 avslutta året med mykje nedbør og høg temperatur. Medeltemperaturen enda på 4,1 grader som er 3,2 grader over det normale, og det kom meir enn dobbelt så mykje nedbør som normalt

Les mer
Dag Røen Dag Røen

Nytt prosjekt på klimatilpassing i frukt og bær

Vid adaptasjon til ulike klima er ein viktig eigenskap hos sortar av frukt og bær. Gjennom prosjektet KlimaFrukt vil vi bidra til auka forståing for kva vid adaptasjon inneber, og vi ser nærare på klimapåverknad av viktige plantefysiologiske fasar hos fleirårige artar, med fokus på bringebær.

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

Fruit logistica 2016 i Berlin

 

Fruit logistica 2016 vart avvikla 3.-5.februar. På denne messa i Berlin, som kjem inn etter Grüne Woche, møtest utstillarar og kjøparar av frukt og all slag utstyr til dyrking, pakking, transport og merking av frukt frå heile verda. Det vert halde mange møte og skrive mange kontrakter. 

 

 

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

Celina

Njøs næringsutvikling AS kjem til å leggja ut ein del fagstoff om Celina på denne plassen, og dei som ynskjer, kan lenka den opp til eigne sider. 

Stoff blir produsert litt etter litt. 

 

Les mer
Kurab Røen Kurab Røen

BÆRSORT

BÆRSORT er eit forskningsrådsprosjekt eigd av Graminor AS, der vi arbeider med å effektivisere utvikling og prøving av sortar av jordbær og bringebær for bruk til friskkonsum og i konservesindustri.

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Fantastisk juli 2014 på Njøs

Juli slo til med rekordvarme på Njøs, som dei fleste andre stader. Medeltemperaturen enda på 20,1 grader, som er heile 5,3 grader over normalen og 2 grader over førre rekord på 18,1 grader frå 2003. 

Les mer
Gasta Design Gasta Design

Sunne økologiske eple med svovel og bakepulver

I eit toårig forsøk har forskarar ved universitetet i Aarhus prøvd ut sprøyteteknikkar og sprøytemiddel på ei rekke eplesortar. Vanleg sprøyting med svovel blei samanlikna med sprøyting med sprinklarar der ein brukar svovel, og andre året også bakepulver.

Les mer