Humler gjer ein viktig jobb med å bestøve frukt og bær

Humler vert rekna som viktige pollinatorar i frukt og bær. Bestandar går tilbake verden over, i Storbritannia er det no berre att 24 humleartar. Dei gjenlevande artane er hardt pressa grunna tap av blomsterrike habitat som er nødvendige for å sikre nok nektar og pollen til ulike stadium i livssyklusen.

Tilrettelegging for humler i frukthagen var eit viktig tema under ein konferanse ved University of London. Arrangør var the Bumblebee Conservation Trust (BBCT) som arbeider med bevaring av humler og ville bier. 

Humler vert rekna som viktige pollinatorar i ville blomar og i landbruksprodukt som til dømes frukt og bær. Bestandar går tilbake verden over, i Storbritannia er det no berre att 24 humleartar. Dei gjenlevande artane er hardt pressa grunna tap av blomsterrike habitat som er nødvendige for å sikre nok nektar (energikjelde) og pollen (proteinkjelde) til ulike stadium i livssyklusen. Humlene må jobbe hardt for å finne nødvendig mengde næring, noko som gjer dei til effektive pollinatorar. I Norge har me 34 humleartar og artsdatabanken har sett i gong ulike prosjekt for å bevare dette artsmangfaldet.

Njøs næringsutvikling har etablert ein økologisk visningshage med insekthotell og stauder (storkenebb, anisisop, kattemynte m.m.) og randsoneplanter (bokkveite, blodkløver, honningurt m.m.) som er attraktive for pollinerande insekt.

Sjå heile artikkelen i januarnummeret av The Fruit Grower.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fantastisk juli 2014 på Njøs

Neste
Neste

Sunne økologiske eple med svovel og bakepulver