Vêret i mai 2018 slo alle rekordar!

Vêret på Njøs i mai var heilt utanom det vanlege. Dei siste dagane var døgnmedelen over 20 grader, og medel for mai enda på 14,8 grader. Dette er normalt for juli, og førre rekord i mai var frå 1947 med 12,9 grader. Normalen for mai er 10,3 grader. Me enda altså på 4,5 grader over normalen og 1,9 grader over førre rekordnotering for månaden!

Sol og flott vêr i heile blomstringa i mai 2018!

Men rekordane enda ikkje med det. Førre maksimumstemperatur i mai var 25,4 grader frå 1988. I mai i år hadde me fire dagar med maksimumstemperatur over førre rekord, og varmast var det den 31. mai. Då viste gradestokken heile 29,4 grader!

Det var 19 dagar med over 20 grader, og heile 5 dagar med over 25 grader, som er definisjonen på ein sommardag. Det er ikkje kvart år me har maksimumstemperaturar over 25 °C.

Me registrerte heile 255,5 timar med sol denne månaden. Det finst ingen statistikk på dette, men me kan ikkje finna nokon månad i våre papir som har hatt meir sol! Målestasjonen på Njøs står ikkje på den mest solrike staden i området – her er nett i overkant av 12 timar sol på skyfrie dagar. Mange har nok hatt vesentleg meir sol enn på Njøs.

Mai starta med kjøleg og regnleg vêr, og totalt kom det 20,6 mm nedbør. Det normale er 37 mm. Sist me hadde så turr mai var i 2008, og då kom det 22,4 mm.

Jordtemperaturen i 10 cm djupn har auka frå 8,3 grader den 1. mai til 18.9 grader den 31.mai. Høg temperatur i lufta og i jorda gjev svært stor fordamping.

Mai 2018 må merkast med eit stort utropsteikn og smil i historiebøkene!

Forrige
Forrige

Me har bak oss ein solrik og varm juli månad i 2018

Neste
Neste

Dykingsrettleiing tindved