Juni 2017 - ein fuktig månad

Juni 2017 var ikkje ein månad me vil minnast som ein god sommarmånad. Temperaturen enda på 13,5 grader, som er 0,3 grader under normalen. Det er fyrste månaden me har har under normal temperatur dette året. Nedbørsmengda vart 85,2 mm, mot normalt 50 mm, men det er ikkje rekord. Den hadde me i 2011 då det kom heile 157,6 mm!

Ein kunne kanskje tru at avvika frå normalen var større, men dette skuldast andre meteorologiske måleverdiar. Verst var det kanskje med sola. Det var berre 102 timar med sol på Njøs i juni, og over halvparten av desse soltimane var siste veka! Det vanlege for juni månad er ein stad mellom 150 og 200 timar, og når det er ned mot 150 tykkjer me det har vore lite sol..

Det har ikkje regna all verdens mykje, men det har vore jamt vått. 19 dagar vart det registrert nedbør, som hjå oss vil seia meir enn 0,1 mm. Målingane viser at om me ser bort frå dei 4 siste dagane i månaden, var det målt fuktigheit alle dagar nær som to. Det vil seia at det har vore nokre få dråpar omtrent alle dagar. 

Dei siste dagane i juni retta opp litt av det dårlege inntrykket i statistikken. Då fekk me maksimumstemperaturen på 25,3 grader, og dei tre dagane med temperatur over 20 grader. 

Me får kryssa fingrane for at juli gjev oss meir sol og høgare temperaturar!

Forrige
Forrige

Produktutvikling i siderproduksjon

Neste
Neste

Stor internasjonal aktivitet på Njøs.