Fruktgen sikra i Leikanger – Nasjonal klonbank lansert på Njøs
Tysdag 20. januar vart Nasjonal klonbank for frukt og bær offisielt lansert ved Njøs frukt- og bærsenter i Leikanger. Klonbanken får hovudansvar for bevaring av det genetiske mangfaldet i klonformerte frukt- og bærartar i Noreg.
Den nasjonale klonbanken skal sikre sortsmangfaldet i mellom anna eple, pære, plomme og kirsebær, og blir eit viktig verktøy for klimatilpassing, forsking og framtidig beredskap i norsk landbruk. Klimaendringar, nye sjukdommar og endra forbrukarmønster kan raskt påverke kva sortar og eigenskapar som blir etterspurde. Difor er det avgjerande å ta vare på det genetiske mangfaldet vi har i dag – før det går tapt.
Noreg har gjennom internasjonale avtalar og nasjonale strategiar forplikta seg til å ta vare på genetiske ressursar for mat og landbruk. Dette omfattar sortar med tilknyting til norsk landbruk, anten gjennom kulturhistorisk verdi, næringspotensial eller betydning for matsikkerheit. Fruktartar som eple, pære, plomme og kirsebær har lang dyrkingstradisjon i Noreg og er godt tilpassa norske vekstvilkår. Det same gjeld fleire bærartar, som rips, solbær, stikkelsbær, jordbær og bringebær.
Njøs frukt- og bærsenter er det nasjonale foredlingssenteret for norske frukt- og bærsortar og utfører dette oppdraget på vegner av Graminor. Allereie i dag blir levande plantemateriale frå 284 unike frukt- og bærsortar bevart i felt på Njøs.
Med etableringa av Nasjonal klonbank for frukt og bær har Njøs no fått eit utvida ansvar for å sikre at det genetiske mangfaldet innan frukt og bær blir teke vare på for framtida. Her skal friskt plantemateriale samlast inn, dokumenterast og gjerast tilgjengeleg for forsking, foredling og eventuell produksjon.
– Dette er ein milepæl for norsk frukt- og bærnæring. Me er stolte over å få ansvaret for å ta vare på dette mangfaldet og gjere det tilgjengeleg for forskarar og foredlarar, slik at også komande generasjonar kan hauste verdiane av det, seier Liv Hatleli Gilpin, dagleg leiar ved Njøs frukt- og bærsenter.
Etableringa av klonbanken er ein del av Nasjonal tiltaksplan for genetiske ressursar for mat og landbruk, som Landbruks- og matdepartementet lanserte i 2023. Norsk genressurssenter ved NIBIO koordinerer arbeidet med å omorganisere og styrkje dagens bevaringssystem.
– Sortsmangfaldet vi har innan frukt og bær i Noreg er ein viktig del av den biologiske beredskapen vår. Mange aktørar bidreg i dette arbeidet, men ei nasjonal klonbank med hovudansvar vil styrkje bevaringa betydeleg, seier Linn Borgen Nilsen, fagleiar ved Norsk genressurssenter.
Klonbanken får ansvar for å:
bevare eit breitt spekter av sortar med ulike eigenskapar og innsamlingsstader
samarbeide med NIBIO og eit nasjonalt nettverk av klonarkiv for å sikre dublettar av materialet
tilby friskt plantemateriale til forsking, foredling og eventuell produksjon
dokumentere og kvalitetssikre sortsmateriale
koordinere eit nasjonalt nettverk for frukt og bær
Lanseringsarrangement på Njøs
Lanseringa vart markert med eit arrangement på Njøs frukt- og bærsenter, der aktørar frå heile verdikjeda var samla. Programmet sette søkelys på prioriteringar, organisering og framtidige moglegheiter for bevaring og bruk av genetiske ressursar innan frukt og bær i Noreg.