Robot på Njøs: presis og smartare sprøyting i bringebær

Denne sommaren har HVL Robotics testa ein ny sprøyterobot i bringebærfelt på Njøs frukt- og bærsenter (NJØS). Målet er jamnare og meir treffsikker sprøyting, mindre svinn – og betre tryggleik for folk og miljø. Forsøka skjer i FutuRaps-prosjektet, ei satsing for framtidas bringebærproduksjon på Vestlandet.

Sprøyteeksperiment i forsøkstunnellar med bringebær på NJØS.

På forsøksfelta våre har forskarar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) køyrt ut talrike testrundar med ein beltegåande prototyp som navigerer mellom radene i felt og tunnel. Roboten sprøyter målretta mot bladverket – og i testane nytta ein vatn for å måla treffsikkerheita på blada. Ambisjonen er unødig bruk og reduksjon av avdrift: – Poenget er at roboten skal sprøyta jamt og presist. Då unngår me svinn og helserisiko for bønder og omgjevnad, seier forskar Amel Dechemi (HVL Robotics) etter sommarens testar på NJØS.

Teknologien er utvikla for vestlandsforhold: bratte bakkar, vått underlag og tette bærtunnelar. Difor går plattforma på belte, med kamera/GPS for styring. Sikkerheit er prioritert med lys- og lydvarsling, fleire stoppknappar og moglegheit for fjernstopp – slik at robot og menneske kan arbeida trygt side om side.

Arbeidet er del av FutuRaps-prosjektet – ei felles satsing leia av HVL Robotics for ein meir robust, effektiv og berekraftig bringebærproduksjon. Prosjektet gjev også rom for studentprosjekt og rekruttering inn i landbruksteknologi.

Amel Dechemi (HVL Robotics)

For NJØS er dette midt i kjernen av samfunnsoppdraget vårt: å bidra til lønnsam og berekraftig frukt- og bærproduksjon gjennom forskingsbasert innovasjon og sterke partnarskap. Meir samarbeid, meir teknologibruk i felt, og prosjekt som faktisk gjer det enklare for produsentane å lukkast er viktig for oss!

Kva skjer vidare?

Teamet held fram med utvikling og testing og ambisjonen er at plattforma etter kvart kan løysa fleire oppgåver enn sprøyting – og brukast i fleire kulturar, også frukt. Slik kan investeringa gi meir verdi for dyrkarane.

Kvifor er dette viktig for norsk frukt og bær?

  • Presisjon reduserer innsatsfaktorar og avdrift, og kan styrkja HMS.

  • Partnarskap og ny teknologi er sentralt i nasjonale mål om robust matproduksjon og betre sortar/system – ein raud tråd i strategiane til NJØS.

Lenker

Neste
Neste

Det bles ein ny vind på Njøs frukt- og bærsenter