Er du Noreg sin nye epleforedlar?
Me søkjer etter nye tilsette. Les meir om stillinga nedanfor. Me gler oss til å høyre frå deg!
Find an english translation below!
Vi søkjer ein ny epleforedlar
Njøs frukt- og bærsenter er kompetansesenter for sortsutvikling og sortsprøving i frukt og bær, og frå 2026 også nasjonalt senter for genressursar i frukt og bær. Epleforedlaren vår går av med pensjon i 2027, og vi søkjer no ein etterfølgjar som kan leie den norske sortsutviklinga i eple inn i ein ny fase.
Sortsutviklinga blir gjord på oppdrag frå Graminor og dekkjer heile prosessen frå kryssing og seleksjon til utprøving og lansering av nye sortar tilpassa norske dyrkingstilhøve. Stillinga omfattar også å fullføre sortsutviklinga i bringebær, og å utvikle og leie eksternt finansierte forskings- og utviklingsprosjekt.
Vi ser etter deg som har doktorgrad i planteforedling, genetikk eller eit nærliggande fagfelt, solid kunnskap i kvantitativ genetikk og erfaring med dataanalyse i R eller Python. Du trivst med å arbeide tett saman med teknisk personale i felt, veksthus og laboratorium.
Vi tilbyr ei fast heiltidsstilling med oppstart 1. april 2027 i eit lite og tett fagmiljø midt i eitt av Noreg sine viktigaste fruktdistrikt. Du får moderne fasilitetar og ei strukturert overlevering frå dagens foredlar, med fleire tiår med plantemateriale og forsøksdata å byggje vidare på.
Søknadsfrist: 30. november 2026
Send søknad med CV, motivasjonsbrev, eventuell publikasjonsliste og to referansar til post@njos.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Liv Gilpin, liv@njos.no.