Foto: Vestnorsk Foto AS
Njøs frukt- og bærsenter har fått 6 millionar kroner frå Forskingsrådet (FFL/JA) til innovasjonsprosjektet BerryBoost. Målet er å korte ned tida det tek å utvikle ein ny jordbærsort frå 12–13 år til 8–10 år.
Jordbær er den viktigaste bærkulturen i Noreg, men den norske marknadsdelen har gått ned dei siste åra. Klimaendringar, meir sjukdom og nye forventingar frå forbrukarane gjer at næringa treng nye sortar som er tilpassa norske forhold, og ho treng dei raskare enn i dag.
Kryssing i jordbær på NJØS. Foto: Vestnorsk Foto AS
I BerryBoost skal NJØS byggje og validere Noregs første plattform for speed breeding i jordbær. Med kontrollert klima i tunnel, veksthus og klimarom kan vi korte ned generasjonstida. I tillegg tek vi i bruk DNA-baserte verktøy, markørassistert og genomisk seleksjon. Då kan vi plukke ut dei mest lovande plantene tidleg, lenge før dei har stått fleire år på friland. Målet er å skape verdi for dyrkarar, foredlarar og handelsleddet.
– Det er ei stor glede å få denne tildelinga. Sortsutvikling er langsiktig arbeid, og BerryBoost gjer at vi kan levere betre sortar til norske dyrkarar raskare enn før, seier Liv Gilpin, dagleg leiar og jordbærforedlar ved NJØS.
Smak og motstandskraft
Prosjektet skal særleg leggje vekt på smak, sødme og aroma. Desse eigenskapane skal kombinerast med fastleik og haldbarheit, slik at norske jordbær kan vinne forbrukarane tilbake. Eit anna viktig mål er motstandskraft mot raud marg, ein jordboren sjukdom som har spreidd seg i store delar av landet, og som det ikkje finst gode kjemiske tiltak mot. Samtidig byggjer vi opp kompetanse innan genomisk foredling som kan overførast til andre norske frukt- og bærkulturar.
Morplanter som er krysspollinert for utvikling av nye sortar på NJØS. Foto: Vestnorsk Foto AS
Heile verdikjeda er med
BerryBoost går over fire år, frå 2027 til 2030. Grofondet er med og finansierer prosjektet. NJØS leier arbeidet, og med på laget er Graminor, Gartnerhallen, BAMA og DYRK Norsk, som representerer foredling, dyrkarar, marknad og forbrukarar. NIBIO og dei spanske forskingsinstitutta IRTA og CRAG bidreg med forsking og genomikk.
BerryBoost er eitt av fem nye innovasjonsprosjekt som FFL/JA har gitt til saman om lag 42 millionar kroner til i år. Les kunngjeringa frå Landbruksdirektoratet.