Økologisk svarthyllproduksjon

kr 200,00

Norsk bønder søkjer i stadig større grad nye vekstar og varer for å betra lønsemda på bruka sine. Det var ei viss satsing på svarthyll i Norge midt på 1970-talet, men den vart etter kvart borte på grunn av mangel på avsetnad. Etter dette har det vore sporadiske initiativ for å få i gang produksjon av svarthyll, men dei fleste har hatt avgrensa suksess på grunn av marknadssituasjonen. Det har vore vanskeleg å få sikker omsetnad av heile avlinga til ein akseptabel pris. Skal ein få til ei høg verdiskaping knytta til svarthyll, må det vera ei høg grad av produktutvikling knytt saman med produksjonen.
Før ein set i gang dyrking av svarthyll, må ein altså ha ei formeining om kva den skal brukast til. I og med at svarthyll er ein så pass ny vekst, er det mange mogelegheiter, men også avgrensingar. Denne rettleiinga gir ein del døme på kva svarthyll kan nyttast til, men er ikkje gjort utfyllande på dette området, då den i fryste rekkje er retta mot produksjon.
Svarthyll har vore mykje brukt i folkemedisin og i hushaldet, og meir informasjon om denne bruken kan ein t.d. finna hjå Arbo Høeg (1976). Grunnlaget for bruk i folkemedisinen ligg i at svarthyll inneheld mange bioaktive substansar som garve- og fargestoff, der flavonoidet sambucyanin er det mest verdfulle medisinsk sett. Dette stoffet skal førebyggja hjarte og krinslaupssjukdomar, og ha virushemmande effekt. Ellers har svarthyllprodukt avførande verknader når dei vert tekne i større mengder.

Porto er 60 kr. 
Fri frakt ved kjøp over 500 kr.

Antall:
Legg til i handlevogn