Genbankkurator

Me søkjer etter nye tilsette. Les meir om stillinga nedanfor. Me gler oss til å høyre frå deg!


Stillingsutlysing: Genbankkurator – genetiske ressursar i frukt og bær


Arbeidsstad: Njøs frukt- og bærsenter
Oppstart: 1. september 2026

Om oss

Njøs frukt- og bærsenter har fått ei ny nasjonal rolle frå Landbruks- og matdepartementet: å vere operativt senter for genetiske ressursar i frukt og bær. Oppdraget vårt er å etablere og forvalte den nasjonale klonbanken for frukt- og bærartar (Malus, Pyrus, Prunus, Fragaria, Rubus og Ribes), og sikre langsiktig bevaring, berekraftig bruk og tilgjenge til desse viktige ressursane for mattryggleik, foredling, forsking og elles samfunnet generelt.

‍ ‍

Vi byggjer no opp eit tverrfagleg team med kompetanse innan karakterisering og evaluering av genetisk materiale, plantevitskap og digitale system. Kuratoren vil ha ei sentral rolle i dette teamet, med ein kombinasjon av praktisk klonbankforvaltning og utvikling av digital infrastruktur.

‍ ‍

Stillinga

Vi søkjer ein motivert og kompetent genbankkurator til teamet vårt. Saman med kollegaer vil kuratoren bidra til etablering, drift og vidareutvikling av den norske nasjonale klonbanken for genetiske ressursar i frukt og bær.

‍ ‍

Arbeidsoppgåver

• Etablere og forvalte klonbanken for frukt- og bærartar på Njøs.
• Sikre trygt og levedyktig plantemateriale gjennom plantesanitære førebyggande  behandlingar, overvaking og testing for sjukdommar og skadegjerarar.
• Nytta in vitro-metodar som sikrar langsiktig god helsestatus og stabilitet i samlingane.
• Byggje opp og ta i bruk digitale system for data og dokumentasjon, inkludert eit genbankdokumentasjonssystem knytt til GeNBIS.
• Sikre korrekt datainnsamling, integrasjon og tilgjenge til informasjon om plantemateriale for forskarar, foredlarar, bønder og andre brukarar.
• Karakterisering og evaluering av genetisk materiale som grunnlag for bruk i sortsforedling (innsamling, registrering, utveksling av materiale jamfør juridiske og plantesanitære krav).
• Følgje opp rapportering i tråd med FAO-traktaten (Annex 1-artar, artikkel 12.3(a), SMTA/MTA).
• Samarbeide med ekspertar på genetisk mangfald for å karakterisere samlingar og handtere duplikat.
• Ta hand om det nasjonale nettverket innan frukt og bær og delta i relevante nasjonale og internasjonale nettverk.
• Bidra til opplæring og formidling, inkludert utvikling av digitale verktøy og undervisningsmateriell.

‍ ‍

Kvalifikasjonar‍ ‍

• Mastergrad eller doktorgrad innan plantevitskap, genetikk, hagebruk, planteforedling,  bioinformatikk eller nærliggande fagområde.
• Kompetanse innan bioinformatikk, databasar, programvare eller digitalisering relevant for genbankdokumentasjon.
• Kunnskap om eller erfaring med genetiske ressursar, handtering av plantemateriale og/eller plantebevaring er ein stor fordel.
• Erfaring med klonformeirte vekstar og in vitro-kultur er ein fordel.
• Kjennskap til internasjonale avtalar og rammeverk (t.d. FAO ITPGRFA, SMTA/MTA, ECPGR, NordGen) er ein fordel, men ikkje eit krav.
• Gode samarbeidsevner og evne til å bidra i eit tverrfagleg arbeid.
• Gode engelskkunnskapar; kunnskap i eit skandinavisk språk er ein fordel.

‍ ‍

Vi tilbyr

• Moglegheit til å vere del av eit nytt nasjonalt team som byggjer opp ein genbankinfrastruktur frå grunnen av.
• Moglegheit til å forme digitale system og dataflyt for genetiske ressursar i samarbeid med internasjonale partnarar.
• Eit dynamisk arbeidsmiljø der arbeidet ditt bidreg direkte til mattryggleik, biologisk mangfald og berekraftig landbruk.
• Konkurransedyktig løn og gode arbeidsvilkår.

‍ ‍

Slik søkjer du

Send søknad (med CV, motivasjonsbrev og kontaktinformasjon til to referansar) til post@njos.no.

For spørsmål om stillinga, kontakt liv@njos.no.

Søknadsfrist: 11. Mai 2026

Neste
Neste

Årsmelding 2025 – NJØS