Frå idé til realisering – nytt forsøksbygg ved Njøs offisielt opna
Foto: Renate Sæle
Måndag 20. april 2026 vart det nye forsøksbygget ved Njøs frukt- og bærsenter offisielt opna av statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg frå Landbruks- og matdepartementet. Bygget gjev senteret heilt ny infrastruktur for arbeidet med sortsutvikling, plantehelse og genetiske ressursar i frukt og bær – og er resultatet av eit spleiselag og ein prosess som strekkjer seg heilt tilbake til 1990.
Eit nødvendig sprang
Styreleiar Hans Christian Bjerketveit ynskte velkomen og sette dagen inn i ein større samanheng. For styret har det vore avgjerande at Njøs er rigga for nye samfunnsoppdrag, eit tøffare klima, norsk produksjon av frukt og bær og ny teknologi. Det nye bygget er eit konkret skritt i den retninga – ein føresetnad for at senteret skal kunna vekse og utvikle seg.
“Å ikkje satse ville vore det same som styrt avvikling. Det var aldri eit reelt alternativ.” – Hans Christian Bjerketveit, styreleiar
Bjerketveit understreka at sjølv om dagen handla mykje om bygget, er det aktiviteten innanfor veggane og moglegheitene det gjev dei tilsette, som er det viktigaste. Han retta også ei særskilt takk til tidlegare dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes for arbeidet med å realisere bygget, og til dagleg leiar Liv Gilpin, som no tek senteret inn i ein ny fase.
Foto: Renate Sæle
Eit bygg som opnar nye moglegheiter
Dagleg leiar Liv Gilpin tok ordet etter styreleiaren og fortalde at senteret har vore forsøksgard for frukt- og bærnæringa i over hundre år, og førre gong det vart opna eit nytt forskingslaboratorium på Njøs var i 1974, då den gamle fjøsen vart bygd om.
“Dette er ein merkedag for oss – og ein dag som berre er mogleg fordi mange har trudd på oss og satsa saman med oss over lang tid.” – Liv Gilpin, dagleg leiar
Sortsutvikling i 2026 er noko anna enn det var i 1974 – og noko anna enn det var berre for fem år sidan. Det krev infrastruktur og utstyr som det gamle bygget ikkje kunne tilby: “utan eit bygg som dette ville me ikkje hatt føresetnader for å løyse dei oppgåvene samfunnet no forventar av oss.”
Det nye bygget gjer mellom anna mogleg såkalla speed breeding, der kontrollerte dyrkingsforhold og automatisert datafangst kan korte ned utviklingstida for nye sortar med tre til fire år – frå dagens 15–20 år. I dei nye laboratoria kan ein i samarbeid med Graminor analysere DNA-markørar knytte til sjukdomsresistens, smak og lagringsevne, og dermed velje rette foreldre og seleksjonar på eit langt tidlegare tidspunkt. Frå 2026 har Njøs også det nasjonale ansvaret for klonbank i frukt og bær, og bygget gjev plass og standard for varmebehandling, tip poding og meristemkultur.
I ei tid med uføreseieleg klima, fleire skadegjerarar og færre tilgjengelege plantevernmiddel, peika Gilpin på at norsk sortsutvikling er viktigare enn nokon gong:
“Me treng sortar som er tilpassa vårt klima, våre sjukdomar og våre produksjonssystem. Det er det me skal levere herifrå.”
Konkrete resultat – Celina og Ninni
Arbeidet på Njøs har allereie gjeve internasjonalt synlege resultat. Pæresorten Celina er planta i over to millionar tre verda over, og bringebærsorten Ninni har vist seg sjukdomssterk og smaksrik – og vekt internasjonal interesse. Bygget skal gje ein endå sterkare plattform for slikt arbeid, i tett samarbeid med mellom anna Graminor, NIBIO, NMBU, NLR, Vestlandsforsking og HVL, og med forskingsmiljø i Norden, Italia, Spania, Nederland og USA.
Frå 1990 til 2026 – ei lang historie
Tidlegare dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes tok forsamlinga med på sjølve reisa frå dei aller fyrste teikningane og fram til ferdig bygg.
“Det er ikkje so lett å finna punktet då idéen til nybygget oppstod, for det har vore nemnt so mange gonger.” – Stein Harald Hjeltnes, tidlegare dagleg leiar
Dei fyrste teikningane vart laga allereie i 1990, og styret i Bjørke eigedom tok dei opp att i 2013. Den gongen var ein kalkulert byggekostnad på 10 millionar kroner +/- 20 % for høg risiko, og planane vart lagde til side. Vendepunktet kom i august 2017, då Graminor sin nye styreleiar Hans Frode Kielland Asmyhr og adm. dir. Idun Christie vitja Njøs. Ut frå mellom anna Celina sin internasjonale suksess fekk dei tru på arbeidet, og i oktober 2018 vedtok styret i Graminor å samla all frukt- og bærforedling på Njøs – under føresetnad av at senteret klarte å reisa eit tenleg forsøksbygg og rekruttera foredlarkompetanse.
“Då starta eit race som vart betydeleg lengre og meir krevande enn ein hadde sett føre seg.” – Stein Harald Hjeltnes
Foto: Håvard Vedå
Eit breitt spleiselag
Med god hjelp frå Sogn næring og relasjonane bygde gjennom Arena frukt og bær, vart det utarbeidd eit prospekt i mars 2019. Det opna for breitt politisk og finansielt arbeid: Sogn og Fjordane fylkeskommune løyvde 6 millionar kroner i 2019, kommunane i fylket gjekk inn med 3,45 millionar, og det kom 3 millionar over revidert nasjonalbudsjett same hausten. Graminor støtta også med 3 millionar.
Sommaren 2022 dukka det opp ei ny utfordring: kvikkleire akkurat der bygget skulle stå. Mange oppmoda om å finna ein annan plass, men styret ønskte eit samla driftstun og minst mogleg tap av dyrka jord. Den tekniske løysinga, saman med ei framtidsretta energiløysing med energibrønnar, dreiv kostnadane opp til over 20 millionar kroner – og senteret mangla minst halvparten.
Etter nye rundar med fylkeskommunen og bankane, og fleire samtalar med Jan Petter Vadheim i Sparebanken, kom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane på banen våren 2024 med 5 millionar kroner.
“Då losna det!” – Stein Harald Hjeltnes
Kontrakta med Nordbohus Sogn vart signert 14. oktober 2024, gravinga starta 12. november same året, og bygget vart overteke 22. desember 2025. Sidan 2020 er det investert 28,5 millionar kroner i Njøs eigedom. Av dette utgjer 9,5 millionar fylkeskommunale midlar; resten er eit spleiselag mellom kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Graminor og fleire andre som har ynskt det beste for Njøs.
Foto: Renate Sæle
Symbolsk planting av eit norsk eple
Som ei symbolsk opning planta statssekretær Anette Stegegjerdet Norberg eit epletre av sorten ‘Senit’, kryssa fram på Njøs av foredlar Dag Røen. ‘Senit’ er den fyrste eplesorten frå Graminor der ein av foreldresortane er ein norsk lokalsort. Den eine forelderen er Martaeple, ein gammal norsk sort som vart undersøkt på Njøs på slutten av 1990-talet, og som viste seg å ha god motstand mot epleskurv og eplemjøldogg. Plantinga symboliserer korleis norske genetiske ressursar kan danne grunnlag for nye sortar og framtidig norsk matproduksjon.
“Det er den historia me skal halde fram med å skrive i dette bygget!” – Liv Gilpin