Stein Harald Hjeltnes

Stilling: Seniorrådgjevar FoU og sortsforedling

Arbeidsfelt:

  • Fruktforedling

  • Utvikling av nettverk i frukt og bær

  • Produktutvikling

  • Genetiske ressursar

  • Fenologi og klima

Profil:

Stein Harald var frå 1.januar 1989 stasjonsstyrar på Njøs forskingsstasjon, og har hatt ulike typar leiarfunksjonar ved senteret omtrent samanhengjande etter dette. I 2025 gjekk han av med pensjon og oppretta eige konsulentselskap, Hjeltnes Prosjektservice AS.  

Sidan slutten av 1990-talet har Stein Harald vore sterkt engasjert i arbeid med genetiske ressursar. Han er medlem av fleire internasjonale nettverk innan dette fagfeltet, og er p.t. medlem i genressursutvalget for kulturplanter i Norsk genressurssenter.

Eit hovudarbeidsfelt dei siste åra har vore å få på plass strukturar som kan gjera frukt- og bærnæringa meir robust for framtida. Dette er eit arbeid som er gjort i nært samarbeid med næringa og det offentlege, og som har blitt utvikla gjennom programstyret for frukt og grønt, arena frukt og grønt og Sogn fruktrute, som han var prosjektansvarleg for.

Forrige
Forrige

Sigurd Molvik