Vått og mildt dei tre fyrste månadane av 2017
Fruktknoppane bryt no for fullt. Biletet viser plommesorten Edda
Data frå målestasjonen på Njøs viser at me har hatt ein våt og mild start på året i 2017. Alle månadane har hatt nedbør over det normale, og verst var det i den fyrste vårmånaden. Då kom det 122,4 mm nedbør, som er 50 prosent over det normale. Dette er svært annleis enn i fjord, då me hadde berre 16,2 mm i mars!
Tempertaturane har også vore godt over det normale. Januar hadde 2,3 grader over normalt, februar 2,2 og i mars var det 1,6 grader over normalen. Desse høge temperaturane har medført at me ligg tidleg i løypa for utviklinga i frukt- og bærvekstane, og det grønkast fort i bakkane.