´Lady Oy´var favoritt hos ungdommen

Prosjektet EplePref har vore ei grundig utforsking av forbrukerpreferansar for norske eplesortar, gjennom ein kombinasjon av beskrivande testar og forbrukerundersøkingar. Ved å bruke eit profesjonelt sensorisk panel hos Nofima har eigenskapane til ulike eplesortar blitt grundig karakterisert. Samtidig har ei forbrukerundersøking blitt gjennomført blant ungdom frå ulike utdanningsnivå (ungdomskule til høgskole, 590 svar), i tillegg til instrumentelle målingar av sortane. Resultata frå desse undersøkingane har blitt nøye analysert for å identifisere kva eigenskapar som vektleggast mest i denne forbrukergruppa, og eventuelle segment innanfor den.

Resultata frå forbrukerundersøkinga avslører interessante funn. Sortane med raude eple vart klart føretrekt når det gjaldt utsjånad, med ´Royal Gala´som den mest populære sorten. Når det gjeld smak, vart dei norske epla generelt betre likt enn den importerte ´Royal Gala´, med ´Lady Oy´frå Graminor/Njøs som den mest populære sorten. Desse funna understrekar viktigheita av å forstå både sensoriske og estetiske preferansar hos forbrukarar når det gjeld epleval.

Neste
Neste

Graminor har nyleg namngitt tre eplesortar 'Fonn', 'Halo' og 'Lady Oy'