Stein Harald Hjeltnes

IMGP8620.JPG

Stilling: Dagleg leiar
Akademisk tittel: Dr. scient

Arbeidsfelt:

  • 50% stilling i Graminor som foredlar i plomme og pære
  • Utvikling av nettverk i frukt og bær
  • Produktutvikling
  • Genetiske ressursar
  • Fenologi og klima

Profil:

Stein Harald vart uteksaminert hagebrukskandidat i 1982 på det som heitte Norges landbrukshøgskole, som i dag er Universitet for miljø og biovitenskap på Ås. Han tok dr. scientgraden same stad i 1987 innan foredling i pære og plomme. Hausten 1988 hadde han eit 4 månaders opphald ved INRA Angers, Frankrike, for å studera pæreforedling. Frå 1.januar 1989 var han stasjonsstyrar på Njøs forskingsstasjon, og har hatt ulike typar leiarfunksjonar ved senteret omtrent samanhengjande etter dette.  

Sidan slutten av 1990-talet har Stein Harald vore sterkt engasjert i arbeid med genetiske ressursar. Han er medlem av fleire internasjonale nettverk innan dette fagfeltet, og er p.t. medlem i genressursutvalget for kulturplanter i Norsk genressurssenter.

Eit hovudarbeidsfelt dei siste åra har vore å få på plass strukturar som kan gjera frukt- og bærnæringa meir robust for framtida. Dette er eit arbeid som er gjort i nært samarbeid med næringa og det offentlege, og som har blitt utvikla gjennom programstyret for frukt og grønt, arena frukt og grønt og Sogn fruktrute, som han er prosjektansvarleg for.