Dag Røen

Stilling: Prosjektleiar         
Akademisk tittel: Dr. scient

Arbeidsfelt:

  • Sortar i eple og bringebær - karakterisering og bruk 
  • Nye frukt- og bærkulturar
  • Økologisk dyrking av frukt 
  • Næringsutvikling innan frukt og bær
  • Sortsutvikling i eple og bringebær (Graminor AS)

Profil:

Dag vart uteksaminert hagebrukskandidat i 1986 på det som heitte Norges landbrukshøgskole, som i dag er Universitet for miljø og biovitenskap på Ås. Han tok dr. scientgraden same stad i 1992 innan foredling i eple. Han har arbeidd på Njøs sidan 1993, og har no 50 % stilling i Njøs næringsutvikling AS og 50 % stilling i Graminor AS.

Dag har arbeidd med sortar og sortsutvikling i eple sidan 1987 og i bringebær sidan 1996.  Økologisk fruktdyrking har vore eit arbeidsområde sidan 1998, med hovudfokus på val av sortar for økologisk dyrking. Han har arbeidd med karakterisering av eigenskapar hos eldre eplesortar i fleire prosjekt (genetiske ressursar) og arbeider med å finne nye frukt- og bærkulturar for å utvikle næringa i Sogn og Fjordane.