Klima

Overrisling istadenfor tåkesprøyta?- artikkel

Bruk av spreiaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon er aktuelt for tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver til rett tid. Dette er også ei klimavenleg teknologisk løysing med potensiale til å redusera jordpakking, og spare arbeids- og traktortimar.

Fastmonterte spreiaranlegg er ikkje noko nytt, men har lenge blitt brukt i Sør-Tyrol for vatning og frostvatning. Alt på 50-talet vart det gjennomført forsøk med tilførsle av plantevernmiddel gjennom desse anlegga. Med auka areal under økologisk drift har teknologien på nytt blitt aktuell. I både Austerrike og Sør-Tyrol nyttar nokre dyrkarar allereie ombygde frostvatningsanlegg til å spreie plantevernmiddel som er tillatt brukt i økologisk drift. 

Sjå publisert artikkel i Norsk frukt og bær om emnet.

Meteorologiske observasjonar

På Njøs er det teke samanhengande meteorologiske observasjonar sidan 1929. Fram til 1989 var stasjonen tilknytta Meteorologisk institutt, men frå 1990 vart stasjonen automatisert og del av Landbruksmeteorologiske tenester i Statens forskingsstasjonar i landbruk, no NIBIO.

Stasjonsinformasjon

Fylke:Sogn- og Fjordane

Kommune:Leikanger

Høyde over havet:45

Breddegrad:61.179943

Lengdegrad:6.862209

Startdato for måleserie:22.03.1991

Sluttdato for måleserie: