Regenerativ fruktdyrking

I desember 2017 løyvde Landbruksdirektoratet tilskot frå utviklingstiltak innan økologisk landbruk som blir sett av over jordbruksavtalen til Njøs Næringsutvikling sitt prosjekt «Regenerativ fruktdyrking».

Føremålet er å prøva ut klimavenlege driftsmåtar i økologisk forsøksfelt for at ein kan styrke kunnskapsgrunnlaget om ein meir klimavenleg økologisk fruktproduksjon med auka karbonbinding.

Njøs Næringsutvikling ynskjer å byggje vidare på resultat frå dekkeforsøk gjennomført på Njøs, og anna relevant forsking. På Njøs er det etablert ein demonstrasjonshage for økologisk frukt, og den er godt egna til utprøvingane, da den har moderat moldinnhald i ei leir-rik jord.
Prosjektet vil resultere i forslag til konkrete tiltak for ein meir klimavenleg fruktproduksjon og kunne ha overføringsverdi til ulike bærkulturar.

Fresing trerekka Njøs.PNG