KreftKamp

kreft 200603 Sansa Njøs 2.JPG

Prosjektet skal skaffe fram ny kunnskap om:

·         Biologi hos soppen (Neonectria galligena) – sporeutvikling, sporemogning, sporespreiing og infeksjonspunkt

·         Sortar – fenologisk utvikling relatert til infeksjonstidspunkt, sortar sin reaksjon på smitting med soppsporer

·         Effektive tiltak i eplefelt – varslingssystem, kjemiske og fysiske tiltak

Dessutan er kunnskapsformidling ein viktig del av prosjektet.

Prosjektet går over 4 år (2017-2020) og er finansiert av Norges forskningsråd samt kontantbidrag og eigeninnsats frå prosjektpartnerane.  Prosjekteigar er Oslofjorden frukt og bær SA. Øvrige prosjektpartnerar omfattar NIBIO (fagleg ansvarleg), Sagaplant AS, Esteburg Centre (Jork, Tyskland), LUKE (Piikis, Finland) og 4 dyrkarar i Oslofjord-området. Njøs næringsutvikling har oppdrag for NIBIO i prosjektet knytt til undersøking av sortar sin respons på smitting med frukttrekreftsopp og kartlegging av fenologisk utvikling hos sortar.