Økologisk

Kompost - eit effektivt middel mot "trøytt" jord

ARD vs green compost

Njøs Næringsutvikling har prosjektleiinga i det internasjonale prosjektet CompostInWest eigd av SIMAS Næring. Prosjektet er støtta av RFF Vestlandet. Sesongen 2017 vart det gjennomført potteforsøk på Njøs der ein tilførte ulike typar kompost til "trøytt" jord og brukte eple som testplante. Jordtrøyttleik oppstår der det har vore planta same planteart i fleire omløp, og symptoma er redusert vekst og avling. Det vart målt sikre skilnader i plantevekst og komposttilførsla hadde også stor innverknad på jordfertiliteten. I biletet under har epletreet til venstre vakse i "trøytt" jord, medan epletreet til høgre har vakse i "trøytt" jord tilført 25% vermikompostert biorest. Tilførsle av kompost gav like god effekt mot symptom av jordtrøyttleik som sterilisering av jord.

Les meir om forsøket i Norsk Frukt og Bær.

Overrisling istadenfor tåkesprøyta?- artikkel

Bruk av spreiaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon er aktuelt for tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver til rett tid. Dette er også ei klimavenleg teknologisk løysing med potensiale til å redusera jordpakking, og spare arbeids- og traktortimar.

Fastmonterte spreiaranlegg er ikkje noko nytt, men har lenge blitt brukt i Sør-Tyrol for vatning og frostvatning. Alt på 50-talet vart det gjennomført forsøk med tilførsle av plantevernmiddel gjennom desse anlegga. Med auka areal under økologisk drift har teknologien på nytt blitt aktuell. I både Austerrike og Sør-Tyrol nyttar nokre dyrkarar allereie ombygde frostvatningsanlegg til å spreie plantevernmiddel som er tillatt brukt i økologisk drift. 

Sjå publisert artikkel i Norsk frukt og bær om emnet.

Auka omsetning av øko-frukt i storkjøkken

Auka omsetning av øko-frukt i storkjøkken

Njøs næringsutvikling har sidan 2013 vore ansvarlege for eit prosjekt med støtte frå Landbruksdirektoratet og Føregangsfylke økologisk frukt og bær, der målet er å auke forbruket av lokal, økologisk frukt i storkjøkkena i Sogn og Fjordane. Viktige samarbeidspartnarar er Sognefrukt og BAMA Storkjøkken, i tillegg til fleire offentlege instansar i regionen.

Sprinklaranlegg i økologisk eplefelt

Sprinklaranlegg i økologisk eplefelt

Njøs Næringsutvikling starta i 2014 eit prosjekt der ein skal undersøke bruk av sprinklaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon. I det toårige prosjektet skal det registrerast dekningsgrad og arbeidstid. Målet er optimal tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver, samt å spara arbeids- og traktortimar. Anlegget vil også vera godt egna til frostvatning i utsette kulturar. Prosjektet er støtta av Fylkesmannen Sogn og Fjordane og Føregansfylke økologisk frukt og bær.