Auka volum av norske plommer

Auka volum av norske plommer.JPG

Prosjektet skal gå frå 2017-2020, og har fokus på blomstring og pollinering og på dyrkingsprinsipp, særleg skjering. Njøs næringsutvikling sitt hovudfokus er på blomstring, men me skal også assistera på pollineringsundersøkingar. Blomstringstider for dei ulike sortane, og sortane sin fertilitet er avgjerande for fruktsetjinga. Det er oppretta ei Facebookgruppe (fruktblomstring plomme), der dei som deltek tek bilete av ulike sortar på definerte datoar. I løpet av prosjektet vil me då få ei svært godt innblikk i blomstringsforløpet mellom år, og korleis ein bør setja saman plantingar for å få god overlapping. Det vil også bli utført pollenundersøkingar for aktuelle sortar, som saman med kontrollerte kryssingar vil gje eit svært godt grunnlag for tilråding for nyplanting og innplanting.