ASD-metoden

Styremøtet for Forskningsmidlane for jordbruk og matindustri vedtok den 19. desember 2017  å støtte prosjektet «ASD-metoden - Forprosjekt for utprøving av tiltak mot vekststagnasjon ved nyplanting i høgverdiproduksjonar» frå Njøs Næringsutvikling.

ASD-forsøk i Ohio.PNG

I høgverdi-produksjonssystem som bringebær og jordbær dyrka i plasttunell er det ofte naudsynt med tiltak før ein plantar same kulturen på nytt. Dette er på grunn av jordbuande plantepatogen og ugras som formeirast opp i fleirårige kulturar og gir dårleg vekst etter eventuell nyplanting. Vanlege metodar for å eliminera desse er kjemisk behandling, damping, vekstskifte eller kvileår med grøngjødsling. For nematodar og mange andre jordbuande patogen finnes det per i dag ingen kjemiske preparat tilgjengeleg for norske produsentar. Ei ny, lovande metode kalla anaerob jorddesinfeksjon (ASD), vert no teken i bruk i land som Nederland, USA og Japan. Det er dokumentert i både felt- og potteforsøk at metoden reduserer visse jordbuande sjukdomsorganismar og aukar populasjonane av jordbuande nyttemikrobar. I økologiske jordbær har ein i enkelte felt dobla avlingane samanlikna med standard praksis og i forsøk er det vist at ein med bruk av ASD får signifikant betre tilvekst i eple planta på jord med jordtrøyttleik.