Prosjekt i gang

Auka volum av norske plommer

Auka volum av norske plommer

Norske plommer har stort vekstpotensiale, og det er planta mykje i fleire distrikt. Tonnasjen har ikkje auka i samsvar med plantinga, og det er difor sett i gang eit forskingsprosjekt for å sjå på kva faktorar som må endrast for å auka avlinga. Ullensvang fruktlager SA er prosjekteigar, medan Njøs næringsutvikling er underleverandør for NIBIO Ullensvang.

KreftKamp

KreftKamp

Soppsjukdomen frukttrekreft kan gjera stor skade i eplefelt ved at greiner og heile tre døyr, og den kan dessutan gje råte hos fruktene.  I prosjektet «KreftKamp: Et krafttak mot frukttrekreft» har ein som mål å  få eplehagar som er friskare og produserer meir avling per arealeining. Det blir gjort gjennom å skaffe fram auka kunnskap om biologien hos soppen, om sortar sin respons på infeksjon og om effektive tiltak i eplefelt.

Regenerativ fruktdyrking

Regenerativ fruktdyrking

Prosjekt «Regenerativ fruktdyrking» skal prøva ut klimavenlege driftsmåtar i økologisk forsøksfelt for at ein kan styrke kunnskapsgrunnlaget om ein meir klimavenleg økologisk fruktproduksjon med auka karbonbinding. Njøs Næringsutvikling ynskjer å byggje vidare på resultat frå dekkeforsøk gjennomført på Njøs, og anna relevant forsking. Prosjektet vil resultere i forslag til konkrete tiltak for ein meir klimavenleg fruktproduksjon og kunne ha overføringsverdi til ulike bærkulturar. 

ASD-metoden

ASD-metoden

I høgverdi-produksjonssystem som bringebær og jordbær dyrka i plasttunell er det ofte naudsynt med tiltak før ein plantar same kulturen på nytt for å unngå vekststagnasjon. Ei ny, lovande metode kalla anaerob jorddesinfeksjon (ASD), vert no teken i bruk i fleire land  og det er dokumentert i både felt- og potteforsøk at metoden reduserer visse jordbuande sjukdomsorganismar og aukar populasjonane av jordbuande nyttemikrobar.

Produktutvikling i siderproduksjon

Sogn og Fjordane Fylkeskommune har løyvd midlar gjennom programmet "VRI4 FoU-startpakken",til eit prosjekt med hovudmål om å utvide og styrke siderproduksjonen for auka sal og inntening for Gardsbrenneriet AS. Njøs Næringsutvikling skal vera innovasjonsprosessleiar. Målet er å få fleire bedrifter og nettverk til å setje i gong med innovasjonsprosessar, eller utviklingsprosjekt, som krev FoU, for å nå sine mål. Det skal i neste omgang føra til fleire arbeidsplassar og auka verdiskaping i fylket.

Oye.jpg

Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet

Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet

Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane. No får Simas Næring AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking. Njøs Næringsutvikling AS har prosjektleiinga.

Klonarkiv i frukt og bær

Klonarkiv i frukt og bær

Njøs næringsutvikling tek vare på gamle sortar av frukt og bær for Norsk genressurssenter. Samlingane består av eplesortar, pæresortar, plommesortar, bringebærsortar, jordbær, rips, solbær og stikkelsbær. Frukttrea står i vanleg fruktfelt, det same gjeld rips, solbær og stikkelsbær. Jordbær og bringebær vert oppbevarte i instekttett plasthus om sommaren, på plantelager om vinteren.