VRI4 - Forregion - kompetansemekling landbruk

Kompetansemeklarane i VRI4 utanfor forskningsrådet sine kontor i Oslo. Foto: Arne Monrad Johnsen

Kompetansemeklarane i VRI4 utanfor forskningsrådet sine kontor i Oslo. Foto: Arne Monrad Johnsen

Njøs næringsutvikling er tildelt kompetansemeklingsoppdraget for landbruk av Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt hovudprosjekt "Forregion" , som er oppfylgjar av VRI1 - VRI3. Prosjektet har som målsetjing at bedriftene i fylket skal nytta seg av meir FoU for å blir meir konkurransedyktige og skapa høgare inntening og fleire arbeidsplassar. 

Kompetansemeklarane skal hjelpa bedriftene med å finna forskarar som kan hjelpa dei med å løysa flaskehalsar i produksjonen, eller i utvikling av nye produkt og løysingar i bedriftene. Meklarane vil ha noko oppsøkjande verksemd, men ein ser helst at bedriftene vender seg til oss for å diskutera problemstillingar. I Njøs næringsutvikling er kontaktpunktet Stein Harald Hjeltnes (shh@njos.no). Det er ikkje i alle tilfelle at forsking er det rette svaret på ein problemstilling, men kompetansemeklarane vil kunna gje råd også om andre mogelegheiter. 

For mange bedrifter er nok FoU fjernt, og ein vel ofte enklare og raskare løysingar gjennom prøving og feiling eller å lita på teknologileverandørar. Forsking tek tid og kostar pengar, men i mange tilfelle er det nødvendig for å koma i mål med ein utviklingsprosess. Då gjeld det å ha rette partnaren, og det er her kompetansemeklarane skal hjelpa til. I andre tilfelle har bedrifta sjølv dei personalressursane som trengs, men treng økonomisk støtte. Det kan vera ulike problemstillingar der kompetansemeklaren kan bidra.

Prosjektet går frå 2017 og ut 2019, og nyhende frå prosjektet vert lagt ut på www.rup.no og via Facebook.