Sprinklaranlegg i økologisk eplefelt

IMG_0349.JPG

Njøs Næringsutvikling starta i 2014 eit prosjekt med utprøving av sprinklaranlegg i eit økologisk eplefelt på Njøs, der målet er å få meir kunnskap om bruk av sprinklaranlegg for tilførsle av plantevernmiddel, og finne fram til betre dyrkingsmetodar som kan gje auka økologisk og økonomisk vinst for næringa. Feltet er på 2 dekar totalt, der det er montert sprinklaranlegg i halve feltet og den andre halvdelen vert sprøyta med tåkesprøyte. Trea vart planta i 2013 på grunnstamme M9 og B9 og planteavstand på 0,9 x 3,5 meter.

Feltet har mange ulike sortar til økologisk utprøving, blant anna ‘Nanna’, ‘Collina’, ‘Holsteiner Cox’, ‘Rubinola’, ‘Rubinstep’, ‘Rubin’ og  ‘Santana’. Det vert fyrst og fremst fokusert på teknisk utprøving og drift av sprinklaranlegget,  der tidsbruk, avdrift og dekningsgrad samanlikna med traktorsprøyte vert vurdert. 

I 2015 vil det bli prøvd ut tilførsle av sovel og kaliumbikarbonat gjennom anlegget. Det store sortstalet i feltet vil utgjere ei for stor feilkjelde til å køyre forsøk for måling av effektivitet i kontroll av skurv samanlikna med traktorsprøyte. Anlegget vil også vera godt egna til frostvatning i utsette kulturar. Dette kan vera særleg aktuelt i steinfrukt, til dømes aprikos, der frost i bløminga har vist seg å gjera stor skade.