Nye norske pærer

Njøs næringsutvikling deltek i eit stort FoU-prosjekt om nye norske pærer som er eigd av Sognefrukt SA, og der Bioforsk er FoU-partnar. Prosjektet har hovudvekt på å utvikla marknaden og dyrkingskonsept for den nye norske pæresorten 'Celina' og løysa utfordringar i verdikjeda. Prosjektet har hovudfinansiering frå Norges forskingsråd, og har mange partnarar  frå dei viktigaste fruktområda i Noreg.  Prosjektet starta opp 1.januar 2015, og skal gå i fire år.

 

Det er også stor internasjonal interesse for Celina. Her på ustilling under Fruit logistica messa i Berlin i februar 2015. Den blir der marknadsførd under merket QTee.