Mekanisk frukttynning

Prosjektet går ut på å testa ut den mekaniske frukttynnaren "Darwin" i eple og plomme. Dette vert gjort for å finna eit alternativt til kjemisk tynning, særleg i økologisk dyrking, men også for å effektivisera tynningsarbeidet, og få det gjort så tidleg at det får full effekt for å motverka annakvartårsbering

Prosjektleiar: Stein Harald Hjeltnes
Tidsramme: 1.01.2010-31.12.2010
Finansiering: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Prosjektet vert gjennomført i nært samarbeid med Graminor og Økoringen vest. Graminor har investert i tynningsmaskina, for å få bruka den i samband med tynning av foredlingsfelt i plomme. Njøs næringsutvikling tek arbeidet med å testa ut den tekniske biten og summera opp resultat av testinga.