Klonarkiv i frukt og bær

Njøs næringsutvikling tek vare på gamle sortar av frukt og bær for Norsk genressurssenter. Samlingane består av eplesortar, pæresortar, plommesortar, bringebærsortar, jordbær, rips, solbær og stikkelsbær. Frukttrea står i vanleg fruktfelt, det same gjeld rips, solbær og stikkelsbær. Jordbær og bringebær vert oppbevarte i instekttett plasthus om sommaren, på plantelager om vinteren.

Njøs frukt- og bærsenter var også med i ein eplefilm som vart laga og presenterer eldre eplesortar og kor viktig det er å ta vare på dette plantemateriale, som vert omsett under varemerket Plantearven.

Dei gamle sortane vert nytta både som foreldre til nye sortar i Graminor si sortsforedling, og til prosjekt som undersøkjer særlege eigenskapar i sortane med tanke på anna utnytting.