Karakterisering av fruktkarakterar hos eplesortar

Målet med prosjektet er å få utfyllande og samanliknbare opplysningar om vesentlege fruktkarakterar hos eplesortar på norsk mandatsortsliste.

Eldre sortar og lokalsortar av er aktuelle kjelder for eigenskapar i utviklinga av nye eplesortar. Det er då viktig å ha god kjennskap til fruktkarakterar hos sortane. Vi har i dag mangelfull informasjon om vesentlege fruktkarakterar hos mange av eplesortane på den norske mandatsortslista.

I prosjektet vil frukteigenskapar hos 85 sortar verta vurdert etter standard prosedyre brukt i evaluering av sortar og seleksjonar i Graminor AS si sortsutvikling i eple. Denne evalueringa vil gje oss samanliknbare opplysningar om ei rekke vesentlege fruktkarakterar hos sortane, relatert til standardsortar.

Prosjektleiar: Dag Røen
Prosjektperiode: 2009-2012
Finansiering: Norsk genressurssenter