Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane

Njøs næringsutvikling leiar Frukt- og bærklyngja i Sogn og Fjordane som har vore i drift frå 2010. Klyngja var del av Arenaprogrammet frå 2010 til 2014, og har vore finansiert av Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane etter dette. Visjonen til klyngja er at Sogn og Fjordane skal vera leiande på innovasjonar i frukt og bær. I alt 23 bedrifter er med i klyngja.