Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet

Utvikling og måling av effekt av kvalitetskompost til frukt- og bærproduksjon på Vestlandet

Det er påvist førekomst av jordtrøyttleik og lite fruktbar jord i eplehagar og jordbæråkrar i både Hordaland og Sogn og Fjordane. No får Simas Næring AS inntil tre millionar kroner i støtte til å utforske bruk av lokalt produsert kompost til å forbetre jordkvaliteten i frukt- og bærdyrking. Njøs Næringsutvikling AS har prosjektleiinga.

Sprinklaranlegg i økologisk eplefelt

Sprinklaranlegg i økologisk eplefelt

Njøs Næringsutvikling starta i 2014 eit prosjekt der ein skal undersøke bruk av sprinklaranlegg som alternativ til tåkesprøyte i økologisk epleproduksjon. I det toårige prosjektet skal det registrerast dekningsgrad og arbeidstid. Målet er optimal tilførsle av økologisk tillatne plantevernmiddel som svovel og bakepulver, samt å spara arbeids- og traktortimar. Anlegget vil også vera godt egna til frostvatning i utsette kulturar. Prosjektet er støtta av Fylkesmannen Sogn og Fjordane og Føregansfylke økologisk frukt og bær.

Klonarkiv i frukt og bær

Klonarkiv i frukt og bær

Njøs næringsutvikling tek vare på gamle sortar av frukt og bær for Norsk genressurssenter. Samlingane består av eplesortar, pæresortar, plommesortar, bringebærsortar, jordbær, rips, solbær og stikkelsbær. Frukttrea står i vanleg fruktfelt, det same gjeld rips, solbær og stikkelsbær. Jordbær og bringebær vert oppbevarte i instekttett plasthus om sommaren, på plantelager om vinteren.