Om Njøs næringsutvikling


Njøs næringsutvikling AS vart skipa 29.08.2007, og er eit fullt prosjektbasert selskap. Prosjekta vert utvikla i samarbeid med næringa og offentlege bidragsytarar. Prioriterte område er nye vekstar, nye produkt, økologisk dyrking, genetiske ressursar, kvalitetssystem og teknologiutvikling/- overføring for å auka verdiskapinga innan frukt- og grøntsektoren i Sogn og Fjordane. Ein del av prosjekta nyttar seg av jord-areal, teknisk utstyr og veksthusplass på Njøs, medan andre prosjekt vert løyste hjå kundane.  Njøs næringsutvikling tek også del i internasjonale prosjekt som kan gagna frukt- og bærnæringa i fylket.

Selskap som p.t. er etablerte på Njøs i tillegg til Njøs næringsutvikling, er Graminor, Sogn og Fjordane landbruksrådgjeving og Gartnerhallen. Njøs frukt- og bærsenter ligg like ved kontora til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen region vest, på eigedomen som tidlegare har fore forskingsstasjon tilknytta Statens forskingsstasjonar i landbruk, Planteforsk og Bioforsk. Det har vore drive utviklingsoppgåver innan frukt og bær på eigedomen sidan 1920.

Opphavsrett © Njøs næringsutvikling
Org. Nr. 991 738 150
Bankkonto:  3705.11.96784
Ansvarleg redaktør: Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes