Vêret i året 2017

Njøs frukt- og bærsenter ved Sognefjorden

Njøs frukt- og bærsenter ved Sognefjorden

Vêret i 2017 var prega av lite sol og mykje nedbør, men utan dei store ekstremane på Njøs. Året kom ut med ein medeltemperatur på 7,7 grader, som er 1,1 grad over normalen på 6,6. Nedbøren enda på 1276,3 mm, som var 33 prosent over normalen som er 994 mm. Det er ikkje meir enn to år sidan me hadde høgare årsnedbør. I 2015 enda me på 1329,5 mm!

Det som særmerkte året 2017 var lite sol. For heile året skein sola berre knapt 968 timar, og sjølv om me ikkje har god statistikk på denne parameteren, er nok dette av det minste me har hatt på mange, mange år. Som samanlikning kan ein ta året 2016, og då vart det registrert 1196 timar sol på målestasjonen på Njøs.

Det var store nedbørsmengder veslejulaftane i Leikanger, og det vart registrert 67,9 mm nedbør denne dagen. Dette er mykje, men ikkje ekstremt som lengre ute ved kysten og lengre sør. Tele var det ikkje i desember, minimumstemperaturen på 10 cm djupn under grasdekke var 0,7 grader.