Sunne økologiske eple med svovel og bakepulver

I eit toårig forsøk har forskarar ved universitetet i Aarhus prøvd ut sprøyteteknikkar og sprøytemiddel på ei rekke eplesortar. Vanleg sprøyting med svovel blei samanlikna med sprøyting med sprinklarar der ein brukar svovel, og andre året også bakepulver.

Det kan vera utfordrande å førebygga skurvangrep i økologisk fruktproduksjon. Det er tillete å bruka svovel, men verknaden varar ikkje lenge. Dessutan virkar svovel best ved høge temperaturar. I eit toårig forsøk har forskarar ved universitetet i Aarhus prøvd ut sprøyteteknikkar og sprøytemiddel på ei rekke eplesortar. Vanleg sprøyting med svovel blei samanlikna med sprøyting med sprinklarar der ein brukar svovel, og andre året også bakepulver. Sprinklarane står permanent i eplehagen. Det er arbeidsbesparende, og gjer det lettare å sprøyte til rett tid. Bakepulver er effektiv mot skurv. Den virkar når soppsporane spirar, men før dei rekk å infisera blada på epletreet. Resultata syner at 45 prosent av epla frå dei ubehandla trea ikkje var salsvare, medan mengde kassert frukt frå tre sprøyta med traktor og med sprinklar var mellom ein og tre prosent.

Det er kjøpt inn eit liknande sprinkleranlegg til den økologiske visningshagen her på Njøs og det er planlagt testsprøyting med svovel og bakepulver frå og med neste sesong.

For meir informasjon, les heile artikkelen publisert ved Aarhus Universitet.