Sogn og Fjordane tek auka etterspurnad etter økologisk på alvor

 

Sogn og Fjordane satsar økologisk

Norge har langt frå nok økologisk frukt og bær til å stette den aukande etterspurnaden, det tek Sogn og Fjordane på alvor.

Fyrste veka i juni var viktige aktørar frå frukt- og bærmiljøet i Sogn og Fjordane samla med mål om å finne konkrete tiltak for å auke produksjonen av økologisk frukt og bær i fylket.

Smi mens jarnet er varmt

Etterspurnaden etter økologiske mat, og særleg økologisk frukt og bær, har auka mykje dei siste åra. Berre frå 2013 til 2014 auka omsettinga av varegruppa frukt, bær og nøtter med 69 %. Mesteparten av varene er import. Grossisten Bama har no sett klare mål på kva dei ynskjer av norsk økologisk frukt og bær.

- Vi vil levere det som Bama ynskjer, og Bama vil ha det som marknaden etterspør. Marknaden vil ha norsk økologisk frukt og bær, då vil Gartnerhallen støtte opp medlemmene og stimulere til produksjon av økologisk, seier Bjørn Oppberget, marknadsansvarleg i Gartnerhallen.

Samkøyrde tiltak mot felles mål

Fruktlagera i Sogn og i Innvik er sentrale for å lykkast med satsinga på økologisk. Dei har direkte kontakt med omsettingsleddet, med dyrkaren og med rettleiingstenesta. Samarbeidet mellom NLR og fruktlagera må vere tett for at nye aktuelle dyrkarar vert fanga opp.

- Ein kan prøve å setje seg inn i kva ein ny og potensiell dyrkar treng, og ut frå det finne dei gode tiltaka, meiner Stein Harald Hjeltnes, leiar ved Njøs næringsutvikling.

Den potensielle økodyrkaren må vite kva han oppnår, kva rådgjerer og rettleiing som finst og han treng eit nettverk rundt seg. Alt dette kan formidlast gjennom fruktlagera i samarbeid med NLR.

Den nye økodyrkaren er ung

- Den nye økodyrkaren i Sogn og Fjordane er ein fersk fruktdyrkar, han let seg inspirere av etterspurnaden i marknaden, dei nye tettplantingssystema og økonomisk støtte til investeringar frå Innovasjon Norge, meiner Marianne Bøthun i Norsk landsbruksrådgjeving Sogn og Fjordane.

Det er gjerne ved generasjonsskifte at garden vert lagt om til økologisk drift.

Optimisme og pågangsmot i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane har lukkast med å verte det største bringebærfylket i landet. Samarbeidet mellom ulike aktørar er godt. No er det optimisme for å få til ei auke i økologisk fruktproduksjon, og ein oppstart av økologisk bærproduksjon i Sogn og Fjordane. Og når Sogningane og Fjordingane vil, så får dei det til.