September avslutta eineståande vekstsesong langt over normalen i 2014

September 2014 enda 2,9 grader over normal temperatur og 70 prosent av normal nedbør. 13,2 grader vart gjennomsnittstemperaturen og det kom 91,1 mm nedbør. Vekstsesongen mai-september hadde medeltemperatur på 15,4 grader, og det kom 247,7 mm nedbør i denne perioden.

Vekstsesongen 2014 slo alle rekordar! Medeltemperaturen for vekstsesongen her på Njøs er 12,7, men i år var den heile 15,3 grader. Alle månader hadde medeltemperatur over normalen, og varmast var det i juli med 20,1 grader medel. Året som kjem nærast rekordåret 2014 er 2002. Då var medeltemperaturen 15,2 grader for mai-september og det var 237,7 mm nedbør, altså litt mindre regn enn i år. I år hadde me over normalt med nedbør i mai, men for månadane juni-september kom det mindre i år enn i 2002.  I 2002 var det august som var ekstremt varm, i tillegg til at mai var litt varmare enn i år. Om me ser bort frå mai månad i år, var det mindre enn 60% av normal nedbør.