Rapport om Celina frå Fruit logistica 2017

Graminor hadde møte med fleire partnarar i samband med Fruit logistica 2017. På det årlege "Celina technical meeting" var det i år om lag 40 deltakarar frå heile verda, og det var mange gode presentasjonar. Vedlagde oppsummering gir nokre hovudtrekk på dei møta me hadde med partnarar. Noko usikkerheit kring indre brunfarging etter lagring, men alle forsøk og erfaringar tyder på at dette skuldast haustetid. Det må aldri gåast på akkord med dette!! Betre å hausta nær 6 kg enn rundt 5,5 kg trykkfastleik. Det betyr lite på smakskvaliteten, men har alt å seia for forbrukaropplevinga. Så får ein heller ta dei få kg i avlingstap..

Biletet er frå den Austeriske standen på Fruit logistica 8.02.2017. Dei planta fyrste trea i 2016